Sport | 01. feb. 2021

Har laga fire skiløyper på Kuventræ

No kan du ta rundetider både med og utan ski på beina.

Preparerte løyper på Kuventræ. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandmandag 01. feb. 2021 14:57

Os Idrettspark har investert i sporsetjar, og med gårsdagens solide snøfall er forholda på Kuventræ no strålande.

– Eg og kollegaen min, Olav Endre Monstad, har drøymt om dette ei stund. No passa det endeleg å gjennomføra, seier Trond Erik Nilsen frå Os Idrettspark og Osbadet.

Løpebanen er i dag brøytt. I tillegg er det laga til saman fire skiløyper p banen og på kastfeltet ved sidan av.

– På kastebanen har vi éi kort og éi litt lengre løype, mens på løpebanen har vi preparert to like løyper.

Trond Erik Nilsen ønskjer osingar velkommen til vinterland på Kuventræ. (Foto: Kjetil Osablod Grønvig)

Fleire som vil ha gode spor

Nilsen seier det allereie er fleire som har tatt kontakt med ønskje om skispor andre stadar.

– Vi har nok ikkje kapasiet til å laga løyper andre stadar, men det er mogleg at vi kan leiga ut sporsetjaren.

– Sleden er ein enkel sak som kan festast til fleire typar framkomstmiddel.

Denne kan leigast. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

– No vert det altså ski og dermed også skistavar som skal brukast på løpebanen. Kan det bli problematisk?

– Løpebanen får kontinuerleg bank av løpesko med piggar elles i året, litt skistavar skal nok gå bra.

Fryktar ikkje kø

Dette kan fort bli eit populært tilbud til dei skiglade i kommunen.

– Det kan jo sjølvsagt enda opp med mykje folk i løypene, vi har difor laga litt ulike løyper. Eg tenkjer at løypene på kastebanen er veldig barne- og familievenlege, mens løypene på løpebanen kanskje passar best for dei som skal meir opp i fart for å mosjonera, avsluttar Nilsen.

Ein meir barnevennleg løype er å finna på kastebana. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.