Sport | 20. sep. 2020

Heimekos og hardtrening før usikker sesong

Sverre Lunde Pedersen håper deltakinga i Heerenveen blir god nok.

Heimekos og hardtrening før usikker sesong
Sverre Lunde Pedersen og resten av landslaget har ein god treningsbase i Stavanger denne oppkøyringa. (Foto: Kristian Vårvik)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandsøndag 20. sep. 2020 18:18

Tysdag 5. mai fekk Sverre og kona Ingunn ein son, to veker seinare blei det kjent at paret skulle flytta frå nyoppussa og nyinnflytta hus på Sandsli til Stavanger for årets innanlandsoppkøyring.

Det siste halve året har det blitt mykje trening, men òg mykje tid med familien.

– Eg har aldri vore så mykje heime som eg har vore denne våren og sommaren, så timinga med å bli far har vore ganske god, seier Sverre til Midtsiden.

Men sjølv om det har vore lite reising på Pedersen og lagkameratane, har det gått mykje tid til trening.

– Samtidig som eg har fått kvalitetstid heime med familien, har eg i denne perioden òg fått mykje ro til å kunna trena ekstra godt, og til å bygga meg opp fysisk.

– Vi har førebudd oss som normalt i sommar, det einaste er at vi ikkje har fått reist, og så har vi gått mindre på is. Men eg føler vi som lag ikkje har mista noko.

Bur i Stavanger

Pedersen har i haust flytta på seg og familien til Stavanger, kor han skal trena og, om alt går som planlagd, konkurrera.

– Treningskvardagen er heilt topp. Vi har is i Sørmarka Arena, og vi har ein flott base i Stavanger. No blir det to månadar med god trening, og så får vi gått nokre løp her i Noreg i løpet av oktober.

Friskmeldt etter sykkelulykka

I september i fjor vart Pedersen og landslagskompis Simen Spieler Nilsen sendt til sjukehus etter eit sykkeluhell i Inzell i Tyskland.

Dette resulterte i hodeskade for Pedersen. Han kom raskt tilbake, men skaden prega resten av sesongen. Sverre avslutta likevel 2019-2020-sesongen med å ta sitt fjerde sølv i VM allround.

– Eg er heilt fin igjen no. Eg har ikkje merka noko til hodeskaden og føler meg sterkare og betre enn før.

Moglegheiter for internasjonale løp

Grunna korona har Stavanger valt å ikkje arrangera verdscup denne hausten. Det er enno usikkert om det vil bli arrangert noko som helst, men Pedersen er optimist.

– Mest sannsynleg blir det løp som vil gå over tre helgar i Heerenveen i slutten av november. Det vi ikkje veit, er om alle nasjonane får lov til å delta, slik at dei kan kalla det eit World Cup-stemne.

Før det som kan bli årets første internasjonale stemne, skal Pedersen gå løp i Noreg.

– Planen er uansett å gå løp her i Noreg i oktober. Om løpa i vinter blir kvalifiserte til å vera verdscup gjenstår å sjå, eg vil uansett ha fokus på å prestera så godt eg kan.

– EM i Heerenveen skal i utgangspunktet bli arrangert på nyåret, så eg må vera klar.

Siktar seg inn på Beijing

Trass uvisse rundt dei internasjonale stemna og meisterskapene komande sesong, vel Pedersen å ha eit langsiktig fokus.

– Eg har OL i 2022 som neste store, langsiktige mål. Det gjer at eg har ingen problem med å tenkja eit stykke fram i treningsarbeidet. Men eg håper naturlegvis på mange internasjonale løp fram mot OL.

OL 2022 blir arrangert i Beijing frå 4. til 20. februar.

– Vi får håpa at koronapandemien har roa seg litt til den tid, og vi kan nærma oss vår normale kvardag i god tid før 2021, avsluttar Pedersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.