Kultur | 25. juni 2016

Høge svev på tivoli

Bildeserie: Det var høge svev og tilsvarande høge hyl å sjå og høyra på tivoliet i sentrum laurdag.

Høge svev på tivoli
Mange osingar hadde tatt turen til tivoli i Os sentrum laurdag. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandlørdag 25. juni 2016 13:58

Bildeserie:

Tivoli i sentrum. (Foto: KML)
Tivoli i sentrum. (Foto: KML)
Tivoli i sentrum. (Foto: KML)
Tivoli i sentrum. (Foto: KML)
Tivoli i sentrum. (Foto: KML)
Tivoli i sentrum. (Foto: KML)
Tivoli i sentrum. (Foto: KML)
Tivoli i sentrum. (Foto: KML)
Tivoli i sentrum. (Foto: KML)
Tivoli i sentrum. (Foto: KML)
Billettkøen var til tider lang. (Foto: KML)
Billettkøen var til tider lang. (Foto: KML)
Tivoli i sentrum. (Foto: KML)
Tivoli i sentrum. (Foto: KML)
1 av 7

Torsdag, samtidig med marknadsdagane, opna Scandinavian Tivolipark på grusbanen mellom Os kyrkje og Os ungdomskule. Med seg hadde dei fleire attraksjonar, blant anna ein ny berg- og dalbane.

Etter ein grå og regnfull fredag kikka sola fram laurdag og det same gjorde osingane.

Køen til billettsalet gjekk i periodar nesten heilt frå inngangen til midten av tivoliet.

– Kjekkast med Shock

Her kunne ein få prøva seg på trampoliner med strikkhopp, svevande fly og fleire fartsfulle attraksjonar, i tillegg til dei mange bodane der ein kunne prøva lykka.

Nokre gutar som hadde prøvd fleire ulike turar var litt usikre på kva som var gøyast, men kom fram til at Shock, det "flygande teppet" var det kjekkaste.

– Eg likte òg godt dei snurrande koppane, så det blei ein god nummer to, fortalte eine.

– Men det kjekkaste av alt er at det er masse forskjellig å velja mellom, sa ein annan, før dei forsvant vidare for å rekka neste tur.

Tivoliet held ope til og med sundag før dei riggar ned og reiser vidare til neste destinasjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.