Kultur | 13. nov. 2020

Hyllar «Mandig Løve» i ny song

Sterke lår og spenstig rumpe: Musikar og livsnytar Jan Haaland ute med ny låt.

Hyllar «Mandig Løve» i ny song
Jan Haaland har hatt ein produktiv haust. I dag er han ute med nok ein låt. (Foto: Privat)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 13. nov. 2020 14:13

Jan Haland var 75 år før han i sommar debuterte som soloartist.

Pensjonisten har vore ein av dei heller produktive lokalmusikarane i haust.

Etter å ha satt melodi til dikt av Inger Hagerup og Bente Bratlund med Steppin' Out i tidlegare produksjonar, har Jan no laga både melodi og skrive sin eigen tekst til «Mandi Løve», som kom ut i dag.

– Eg er jo veldig fascinert av denne løva, han som går rundt og briskar seg med si flotte manke og høge sjølvtillit. Han er jo ein fantastisk skapning, høg på seg sjølv, litt forfengeleg, passe teit og sjølvsagt veldig nask etter damene.

– Ikkje heilt ulik hannkjønn i visse andre artar, humrar Jan.

– Det er jo alt dette som til saman har vore ein slags inspirasjon til den nye låten. Det er ein rocka låt med mange tøffe gitarriff, flott koring og morosam tekst.

– Låten er eg kjempenøgd med, og er veldig takksam for god hjelp av gode vennar og musikarar som Kristine Bjånes, Steinar Lyssand, Knut Vidar GarlidNils Midtseter og Tormod Bjånes.

Som sagt har Jan sjølv stått for tekst denne gongen.

Her kan du lesa det første verset:

- Eg er fast i blikket



Har sterke lår



Spenstig rumpe



Og solbleikt hår



Eg er farleg og frykta



Av kreti og pleti



Eg er ei mandig løve



Frå litt sør for Serengeti
Ikke berre er Jan Haaland flink å laga musikk, han er også både flink og glad i å laga måleri. (Måleri: Jan Haaland)
Ikke berre er Jan Haaland flink å laga musikk, han er også både flink og glad i å laga måleri. (Måleri: Jan Haaland)

Den jævla løva

Med eigen løve-inspirert song sette Jan og Rigmor kursen til Afrika for å sjå på eksotiske dyr, og ikkje minst få eit glimt av helten sjølv, løva.

– Vi var halvanna veke på safari i Afrika. Eg veit ikkje heilt kva eg skal seia, men vi fekk aldri sett den jævla løva. Han låg visstnok alltid eit steg framfor oss og finta oss og guidane heilt ut, fortviler den pensjonerte arkitekten.

– Men eg må jo få poengtera at det var ein heilt fantastisk tur, sjølv om løva altså sneik seg unna.

Sjølv om den mandige løven gløymde seg godt, vart det mange andre dyr som syna seg fram for Jan og Rigmor. (Foto: Jan Haaland)
Sjølv om den mandige løven gløymde seg godt, vart det mange andre dyr som syna seg fram for Jan og Rigmor. (Foto: Jan Haaland)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.