Lokal | 08. des. 2012

I full aktivitet på Lekven

Laurdag blei Trygg-is skiltet hengt opp ved Banktjørn og på den sørlege delen av Ulvenvatnet. Då hadde det allereie vore full aktivitet på Lekvenvatnet i fleire timar.

I full aktivitet på Lekven
Lekvenvatnet i dag. (Lesarbilde, foto: Karina Lekven)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 08. des. 2012 21:02

Laurdag var isen åp Banktjørn og sørlege del av Ulvenvatnet passert grensa for trygg stålis, 10 centimeter, med grei margin.

– Isen er 12 cm tjukk på Banktjørn og 12-15 cm på Moberg-sida av brua over Ulvenvatnet, sa John Lepsøy til Midtsiden midt på dagen laurdag.

På Lekvenvatnet var isen 7 cm allereie på onsdag og frå laurdag formiddag var det aktivitet på isen.

– Vi har hatt flotte forhold og det har vore folk til og frå isen i heile dag, fortel ein av dei nærmaste naboane til vatnet, Karina Lekven.

Laurdag ettermiddag blei det litt varmare, og det har kome ein del snø. Om snøen er tørr nok bør det gå fint å moka denne vekk for ein fin dag på isen søndag òg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.