Isbryting i Oselvarhopen
Kystvakten rydda is med åre og vassjet.

Delar av Os hamn har frose igjen, med det hindra ikkje Kystvakten, sjølv om dei stilte med ein av sine lettaste båtar.
I staden for å legga til land ved den isfrie gjestebrygga ved Esso, kjempa dei seg inn i Oselvarhopen, eller Småbåthamna, i Hamnevegen.
Frå kontoret sitt fekk manuellterapeut Svein Erik Henne sjå korleis dei systematisk knuste og kasta isen ut av hopen.
– Båten i seg sjølv knuste isen fint opp. Så skubba dei isflaka bakover med åre før dei gav gass med vassjet, så isflaka segla ut i hamna, fortel Henne.
Båten, Sjøbjørn 25 MK III, er bygd av Maritime Partner, ein av åtte levert til Kystvakten. Sjøbjørn 25 er bygd i aluminium og går i 40 knop med tre mann om bord.
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Knappe 30 kr per veke
Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.