Lokal | 19. sep. 2015

Kjøpte fjernstyrt ubåt

Reieriet Samba AS har investert i ROV og nytt mannskap.

Kjøpte fjernstyrt ubåt
Eirik Haugland med den nye ROV-en. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. sep. 2015 07:32

Bildeserie:

ROV-en står no om bord i Molly, som blei pussa opp i sommar. (Foto: KVB)
ROV-en står no om bord i Molly, som blei pussa opp i sommar. (Foto: KVB)
Men med kontrollrom i konteinar kan den lett flyttast til andre båtar.  (Foto: KVB)
Men med kontrollrom i konteinar kan den lett flyttast til andre båtar. (Foto: KVB)
Magnus Engevik (nærmast) og Kristian Lunde er nytilsette pilotar.  (Foto: KVB)
Magnus Engevik (nærmast) og Kristian Lunde er nytilsette pilotar. (Foto: KVB)
ROV-en har to kamera og fleire sensorar.  (Foto: KVB)
ROV-en har to kamera og fleire sensorar. (Foto: KVB)
Den har også ein arm til å utføra mindre oppdrag.  (Foto: KVB)
Den har også ein arm til å utføra mindre oppdrag. (Foto: KVB)
Med 1500 meter kabel kan den jobba ganske djupt.  (Foto: KVB)
Med 1500 meter kabel kan den jobba ganske djupt. (Foto: KVB)
Ingeniør Erik Kleppe frå Argus på Laksevåg, som har bygd og levert ROV-en.  (Foto: KVB)
Ingeniør Erik Kleppe frå Argus på Laksevåg, som har bygd og levert ROV-en. (Foto: KVB)
Denne veka har gått med til testkøyring.  (Foto: KVB)
Denne veka har gått med til testkøyring. (Foto: KVB)
Karl Ole Lyngbø frå Vest Mek har laga konteinaren.  (Foto: KVB)
Karl Ole Lyngbø frå Vest Mek har laga konteinaren. (Foto: KVB)
Samba AS vil no bygga ny kai og kontorbygg på Amundsneset.  (Foto: KVB)
Samba AS vil no bygga ny kai og kontorbygg på Amundsneset. (Foto: KVB)
1 av 10

Arbeidsbåtreieriet Samba AS, som blant anna har båtane Samba, Molly og Fox Fighter, har styrka flåten med ein ROV (remotely operated vehicle).

Førre helg var den ferdig, måndag kom dei til Os med den fjernstyrte ubåten.

Ned til 1000 meter

ROV-en, som er av typen Argus Rover (bygg 75), er produsert og levert av Angus Remote Systems AS på Laksevåg.

– Vi sel mange av denne typen her. Dette er ein av dei mindre vi leverer, men den er stor til observasjons-ROV å vera, seier prosjektingeniør Erik Kleppe frå Argus.

Han var i går på plass i Øyane for å ta testing og justering på den nye ROV-en.

Argus Rover har tre kamera, eitt bak, eit HD-kamera framme og eit vidvinkelkamera over fronten for å få full oversikt. Den er heilelektrisk og får straum og data via kabel.

– Kabelen er 1500 meter lang så vi kan fint jobba nede på 1000 meters djupne med denne, seier dagleg leiar i Samba AS, Eirik Haugland.

Den har også ein arm med grep, ein manipulator, som kan utføra mindre og enklare jobbar under vatn.

Umiddelbar inspeksjon

– Vi skal bruka den til inspeksjon av fortøyingar på oppdrettsanlegg. Vi har faste oppdrag med fortøying frå før, og når desse er skifta så skal dei inspiserast.

– No slepp kunden å få denne inspeksjonen av andre, vi tar inspeksjonen med det same vi er ferdig med å legga ut fortøyingane.

– Då kan vi retta ein eventuell feil med éin gong, i staden for å køyra ut igjen til anlegget, forklarer Haugland.

Med flyttbart kontrollrom

Til dei ni skjermane med alt frå posisjon til video frå kamera har Samba fått bygd ein eigen konteinar.

Denne er bygd av eit endå meir lokalt firma, Vest Mekaniske AS i Hegglandsdalen, det same selskapet som produserer for Aquacircle.

– No har vi plass til både ROV-en, kabelrulla og kontrollrommet i éin boks. Er det behov for det kan vi enkelt løfta heile ROV-systemet over på ein av dei andre båtane våre. Eller på ein lastebil.

Erfaren pilot

Til å styra ROV-en har Samba-gutane vore heldig og fått tak i ein erfaren ROV-førar frå Tysnes.

Kristian Lunde har jobba med inspeksjonar med ROV i Nordsjøen i åtte år.

– Selskapet eg jobba for var førebels ikkje ramma av nedgangen i bransjen, men eg brukte likevel ikkje så lang tid å tenkja på det då eg blei spurd om å jobba for Samba, seier Lunde.

Med seg som «andrestyrmann» på ROV-en har han osingen Magnus Engevik.

– Kjøper kanskje ein til

Dagleg leiar Eirik Haugland vil ikkje ut med eksakt pris, men seier investeringa ligg på mellom 4 og 5 millionar kroner.

Sjølv om prisen er av ein viss storleik vurderer dei allereie å kjøpa éin til.

– Denne skal på kontrakt med ein stor kunde av oss, så vi får lite ledig driftstid på den. Men vi reknar med at marknaden er grei og lurer på om ikkje vi skal kjøpa ein til, at vi har ein som vi kan ta oppdrag på spot.

Det er god breidde i bruksområde og bransje for ROV, alt frå byggebransjen til forsikringsselskap bestiller bruk av ROV til ulike inspeksjonar.

– Men først skal vi ha denne i drift, seier Eirik Haugland.

Vil bygga på Amundsneset

Samba AS har base i Brimsholmen ved Lepsøy, men har sikra seg større plass og betre tilkomst.

I sommar kjøpte dei delar av Amundsneset, som ligg på Sundøy under delar av Lepsøybrua, as Os kommune.

Der held dei på med planlegging av ny kai og nytt kontorbygg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.