Kultur | 26. juli 2011

Klovnen tok kaka!

Luftig akrobatikk, sjarmerande dyr og ein hysterisk morosam klovn - vesle Cirkus Zorba er stor nok.

Klovnen tok kaka!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. juli 2011 09:08

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10

Cirkus Zorba, som er 20 år i år, hadde måndag si første av to framsyningar i Os. Showet var flytta frå klokka 18 til 19 grunna fakkeltog i Os, og markeringa av massakren på Utøya og bombinga i Oslo prega nok besøkstalet, salen var berre rundt halvfull.

Men dei som tok seg eit avbrekk frå kvardagen fekk oppleva ei nær, sjarmerande og morosam framsyning. Zorba har ein liten manesje, men har det eit sirkus treng, i alle fall for dei yngste.

Akrobatane er gode, publikum kjem tett på, klovnen er verkeleg i støtet og dei som klarer å gå på sirkus utan å sjå inntørka elefantar kan gleda seg over morosame og veldresserte husdyr.

Å sjå ein ponni gå baklengs er kanskje ikkje god underhaldning (sjølv om dei som har prøvd å læra ein shetlandsponni noko som helst veit kor vanskeleg det er), men innslaget med dei spretne hundane er friskt og møtet med geit, ilder og ein bamse av ein st bernard er koseleg for dei yngste.

Sjå også bildeserien over.

Zorba har ny framsyning i Os tysdag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.