Fotball | 17. juni 2020

Kolskogen frå start for Brann!

Ole Martin L. Kolskogen (19) debuterer mot Haugesund i kveld.

Ole Martin, her i trening i februar. (Foto/skjermskudd: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. juni 2020 17:47

Osingen Ole Martin «Olis» Lekven Kolskogen står i startellevaren til SK Brann, som i kveld har serieopning borte mot Haugesund.

Det blei klart ein time før kampstart, som er klokka 20.30 i kveld.

Kolskogen får med andre ord tillit på første forsøk.

Han speler med nummer 25 på ryggen.

Startar saman med Forren

Olis debuterte for A-laget til Os som 15-åring hausten 2016. Han blei av Hassan El Fakiri og Ørjan Håland omskulert frå spiss til midtstoppar.

Kolskogen fekk 23 kampar for Os i 2017. Dei to neste åra blei det 39 kampar for A-laget til Åsane, etter draumedebut i OBOS i 2018.

Ole Martin signerte med Brann i desember i fjor.

Den gong var det usikkert om Brann ville bruka han eller låna han tilbake til Åsane.

Kolskogen spelte òg nest siste treningskamp, som gjekk mot Molde, i etterkant har Brann signert med Vegard Forren.

Også Forren speler frå start, mens Bismar Acosta Evans er reserve.

Desse 11 startar for Brann i første serierunde: Ali N. Ahmada - Taijo Teniste, Vegard Forren, Ole Martin Lekven Kolskogen, Ruben Kristiansen - Amer Ordagic, Daniel Pedersen, Kristoffer Barmen - Gilbert Koomson, Karamoko Bamaba og Robert Taylor.

Kampen går på TV Norge og Dplay.

Sånn har det gått i kampane som er spelte i går og tidlegare i dag:
Rosenborg - Kristiansund 0-0
Odd - Sandefjord 1-2
Viking - Bodø/Glimt 2-4
Stabæk - Mjøndalen 0-0
Aalesund - Molde 1-4
Sarpsborg 08 - Vålerenga 0-1
Start - Strømsgodset 2-2

Neste Brann-kamp går heime mot Viking førstkomande søndag.

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.