Lokal | 09. juli 2020

Kom rekande i går - gjekk ned same dag

Veit du kven som eig denne båten?

Kom rekande i går - gjekk ned same dag
Veit du kven som eig denne båten? (Lesarbilde, foto: Åge Røttingen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. juli 2020 15:44

Ei plastsnekke har gått ned ved Sundøy.

– Båten kom rekande. Eg blei gjort merksam på den onsdag morgon, fortel Jonny Garvik.

Båten låg ikkje langt frå Hargun, nær nedlagte «Garvik Sjøhus».

– Den låg lågt i sjøen. Det blei ringt politiet, som viste vidare til brannvesenet, men det var ikkje oljesøl eller fare for umiddelbar forureining, så det blei visst ikkje gjort noko.

Seinare i går gjekk båten ned.

– Eg veit ikkje kvar båten kom frå, men det var nordavind, så kanskje den har lagt i Sørstrøno. Uansett er det greit om eigar får informasjon og får båten heva.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.