Lokal | 04. okt. 2020

Kor lite er nok?

Den viktige kvardagsaktiviteten.

Kor lite er nok?
Øvredalen med Svinningen i bakgrunnen. All bevegelse er positiv, òg om du ikkje går til toppen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. okt. 2020 11:32

Fysioterapeut og personleg trenar (PT) Torill Bakke er fast Midtsiden-spaltist, og kjem i starten på kvar månad med gode råd innan trening og ernæring.

Helsedirektoratet anbefaler alle vaksne å vera aktive i minimum 30 minutt dagleg. Forskning viser at vaksne som er lite fysisk aktive vil ha ein betydeleg helsegevinst av desse 30 minutta med aktivitet.

Det viser seg dessverre at vi nordmenn generelt kan bli mykje betre til å fylla desse krava. I denne tida med covid-19, der heimekontor er vanleg for mange, kan det vera endå meir utfordrande å fylla desse 30 minutta enn til vanleg.

Avstanden frå senga til kontoret er minimal, og det du beveger deg gjennom arbeidsdagen begrenser seg gjerne til nokre få turar rundt i huset.

Har du sjekka kor mykje du beveger deg i løpet av ein arbeidsdag?

Det er dessverre slik at dess mindre aktiv du har i arbeidsdagen din, dess meir krev det at du er aktiv på fritida di. Kvardagsaktivitet og mindre stillesitting er viktige grep for å auka det daglege aktivitetsnivået ditt. Kvardagsaktiviteten og ein aktiv livsstil er små grep som gjer underverker for helsa di.

Kva små, smarte grep kan gjera kvardagen din litt meir aktiv?

  • Først av alt sørger du for at du for at du er aktiv i 30 minutt for dagen. Planlegg aktivitet inn i dagen din og gjennomfør det, alltid. Det er egentlig veldig greit å få til, dei 30 minutta kan fint fordelast over fleire mindre tidsbolkar gjennom dagen.
  • I tillegg til dei 30 minutta med aktivitet daglig sørger du for at du går 10.000 skritt kvar dag. Skritta dine måler du enkelt enten med ei aktivitetsklokke eller med mobiltelefonen din.
Torill Bakke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Torill Bakke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

For å få dette til tar du beina fatt i staden for bilen på korte avstandar. Inne vel du trappa framfor heis. På heimekontoret tar du telefonar i ståande eller gåande, og ved arbeidsplassen din står du i staden for å sitja så ofte du har sjansen til det.

Sørg for at du ikkje sit i ro for lenga av gangen og ver bevisst på å ta deg korte aktivitetspausar gjennom dagen.

Visste du at berre fire minutt med fysisk aktivitet gjer deg meir merksam i ein time etterpå?

Det er med andre ord ingen grunn til å vera bekymra for å mista effektiviteten i arbeidsdagen din ved å ta aktive pauser. Fysisk aktivitet gjer hjernen din sterkare. Kroppen din er skapt for bevegelse, og har det aller best når du legger til rette for det.

Hausten er fantastisk no, nyt han i aktivitet ute. Kvardagsaktiviteten krev ikkje høg puls og blodslit, den krev berre god bevegelse. Og all bevegelse er bra.

Summen av denne aktiviteten er ei viktig og god investering i deg sjølv. Resulatet kjem over tid i meir overskudd i kvardagen og ei betre helse.

Lykke til med ein aktiv kvardag!

Torill Bakke
Fysioterapeut, personleg trenar og kostvegleiar
@torillbakke

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.