Politi | 10. apr. 2021

Køyrde i grøfta mens politiet såg på

Fekk gebyr etter utforkøyring på E39.

Køyrde i grøfta mens politiet såg på
Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 10. apr. 2021 07:20

Vinterføre har prega trafikkbildet nokre av dei siste dagane, og fredag kom det nye snøbyger.

I 02-tida natt til laurdag observerte politipatruljen sjølv ei utforkøyring på E39 Byvegen.

– Dette var mens det snødde ganske tett, fortelpolitibetjent Morten Haugland.

– Bilen køyrde utfor nær Hjellemarka, og hamna i ein mur, men det var verken personskade eller skade på annan manns eigedom.

Bilen hadde vinterdekk, men mønsteret var noko slitt. Bilførar fekk gebyr, men fekk lov å køyra bilen heim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.