Sport | 30. jan. 2021

Krevande kvardagskabal tvingar Takle Eide til å leggja opp

Fotballspelar og byggingeniør, Åsne Takle Eide, har lagt skoa på hylla.

Krevande kvardagskabal tvingar Takle Eide til å leggja opp
Åsne Takle Eide trivst godt med ingeniørjobb hos Norconsult. (Foto: Privat)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandlørdag 30. jan. 2021 08:52

Etter 141 kamper for Arna-Bjørnar, 25 for Sandviken og åtte kampar for Trondheims-Ørn, har Åsne Takle Eide bestemt seg for å gje seg med fotballen, melder BA.

– No skal eg nyta det å gå tur i fjellet og berrre trena på treningsstudio, så får vi sjå kva som skjer etterkvart. Eg skal ikkje utelukka fotball i framtida, seier Takle Eide, i BA.

Åsne Takle Eide med lagvenninna Ingrid Louise Jåstad. (Foto: Privat)
Åsne Takle Eide med lagvenninna Ingrid Louise Jåstad. (Foto: Privat)

Auka satsing skapar trøbbel

Arna-Bjørnar har utnytta moglegheita dei auka satsingsmidlane i kvinnefotballen har gjeve til å trena meir på dagtid. Men dei har ikkje midlar til å kjøpa alle fri frå jobb i tilstrekkeleg grad, og dermed blir den delvise profesjonaliseringa ei barriere for enkelte, skriv BA.

– Det har fungert éin gang i veka, på «proffdagen». Då har eg gått på jobb tidleg, så trening, så tilbake på jobb. Men når det blir fleire treningar på dagtid i det som er kjernetida på jobb, blir det vanskeleg med fleire slike dagar. Eg kunne ønska meg fleire ettermiddagsøktar, seier Takle Eide til BA.

Her kan du lese heile saken i BA.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.