Lokal | 04. sep. 2020

Kunne ha skrive forelegg for 500.000 på 2 timar

Sto i Lepsøykrysset og sjekka kven som retta seg etter stopp-påbodet.

Kunne ha skrive forelegg for 500.000 på 2 timar
Krysset mellom Lepsøyvegen og E39 Halhjemsvegen. Bilane på bildet har ikkje noko med dagens kontroll å gjera. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. sep. 2020 07:24

Politiet har fredag morgon, som forebyggande og kartleggande tiltak, kontrollert trafikken ut frå Lepsøyvegen og inn på E39 Halhjemsvegen.

I krysset er det eit stopp-skilt, noko som betyr at kvar bil må stoppa heilt opp ved stopp-linja før dei køyrer ut på europavegen.

Brot på regelen fører normalt til eit forelegg på 6.800 kroner og tre prikkar på førarkortet.

I dag blei det berre utført teljing, og resultatet er nedslåande.

– Vi sto på staden i to timar. På denne tida var det 349 bilar som køyrde ut på E39, 74 av desse retta seg ikkje etter stopp-påbodet, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det betyr at politiet i dag kunne ha skrive ut forelegg på til saman 503.200 kroner og delt ut 222 prikkar på førarkorta til desse 74 bilførarane.

Å koma seg ut på E39, særleg om du skal nordover, kan ta tid, spesielt om det kjem trafikk frå ei ferje. Men når du er fremst i køen skal du likevel ta deg tid til å stoppa.

Les òg: Må noen miste livet før noe skjer med Lepsøykrysset? (2009)

Om dagens teljing fører til at det snart blir kontroll på staden, kan det bli dyrt for mange. Samtidig er det ei årsak til at stoppskiltet står der, farten på Halhjemsvegen kan vera høg og krysset er ulykkesutsett.

Det har vore snakk om å utbetra krysset i over sju år. I 2013 starta planarbeidet, i 2016 starta prosjekteringa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.