Sport | 29. sep. 2020

Kvalifisert til nasjonale meisterskap

Etter svært gode resultat i ADO Cup, har heile fire svømmarar frå Os Svømmeklubb kvalifisert seg til nasjonale meisterskap i haust.

Kvalifisert til nasjonale meisterskap
Desse fire frå Os har kvalifisert seg til UM. Tre av dei skal òg til junior-NM. Foto: Os Svømmeklubb
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtirsdag 29. sep. 2020 09:33

Norsk Ungdomsmeisterskap går av stabelen i Tromsø helga 16. til 18. oktober. Her samlast dei beste svømmarane i Noreg i alderen 13-16 år.

Tracey Malene Holm, Janne Holm, Emma Skarstein Kjetland og Emil Austevoll Harlem frå Os Svømmeklubb er kvalifiserte til å delta.

– Dette er utøvarar som har jobba målretta gjennom mange år, og som no har kome på eit så høgt nivå at dei skal delta i norsk ungdomsmeisterskap og junior-NM, seier svømmetrenar Thomas Harlem.

– Det å få delta i UM er ein stor prestasjon og eit naturleg mål for dei som ønskjer å satsa på svømming på eit høgt nivå. Kvalifikasjonskrava for deltaking er ganske harde, og det er ekstra gledeleg at så mange har klart dette, seier Harlem.

Frå UM til junior-NM

Janne, Emma og Emil har òg klart kvalifikasjonskrava til NM junior, som skal gå i Porsgrunn i november. Junioralder er til og med fylte 17 år for jenter, og til og med 18 år for gutar.

– Kvalifikasjonskrava her er endå hardare enn til Norsk Ungdomsmeisterskap, så det er store prestasjonar desse svømmarane har oppnådd, påpeikar Harlem.

Elitesatsing i nye klubbar

Når svømmarane kjem på eit slikt nivå, anbefaler den lokale svømmeklubben at utøvarane søkjer seg inn til eliteklubbane i Bergen.

– Både Janne og Emma går på Olympiatoppens toppidrettslinje for svømming ved Amalie Skram. Dei skal no svømma for eliteklubben Bergensvømmerne. Tracey er òg på veg inn der. Emil Austevoll Harlem skal svømma for Bergen Svømme Club, ein anna eliteklubb i Bergen.

Det at svømmarar går vidare til større og betre klubbar når dei har nådd eit visst nivå, har tidlegare vist seg å vera heilt naturleg. Tidlegare gjorde Ariel Bråten, Sebastian Bråten og Tom Andre Moberg Johannsen dette når dei kom i denne alderen.

– Vi har hatt fokus på å gje utøvarane eit godt teknisk og fysisk treningsgrunnlag, slik at dei kan velja å gå vidare til elitesatsing viss dei ønskjer det. Sjølv om dei har på seg ei anna type badehette i framtida, er dei alltid litt våre svømmarar uansett, ler Harlem.

– Vi ønskjer dei masse lykke til vidare i si svømmekarriere. Og så er det ekstra kjekt og inspirerande når dei kjem tilbake og trener med oss. Då tar dei med seg lærdom til neste generasjon svømmarar i Os, avsluttar Harlem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.