Lokal | 13. sep. 2020

Kvinne smitta av koronaviruset

Haustens 7. smittetilfelle i Bjørnafjorden registrert i dag.

Kvinne smitta av koronaviruset
Covid 19, koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. sep. 2020 11:29

Fredag blei det kjent at ein elev ved Os barneskule er konstatert smitta av koronaviruset, og at sjuande klassetrinn er sett i karantene.

I dag fortel kommunen om nok eit smittetilfelle, ei kvinne i 20-åra har testa positivt for covid-19.

– Kvinna er smitta av ein nærkontakt i ein annan kommune, opplyser Bjørnafjorden kommune i dag.

Alle nærkontaktar i Bjørnafjorden kommune er varsla og sett i karantene.

Dette er det tredje tilfellet denne veka, det sjuande i haust og det 25. bekrefta smittetilfellet av covid-19 i Bjørnafjorden kommune sidan mars 2020.

Datoane* for dei smitta i Bjørnafjorden til no:
* dato for offentleggjering via kommunen. Vedkomande kan ha fått konstatert smitte dagen før.
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 13 og 14, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat smitta i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.
21. august: Kvinne i 20-åra smitta innanlands, men i ein annan kommune.
26. august: Kvinne i 20-åra. Ho har vore i nærkontakt med kvinna som blei konstatert smitta 21. august, og er med andre ord den første i haust som er smitta internt i Bjørnafjorden kommune.
5. september: Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Smittevegen er kjent.
7. september: Mann i 30-åra.
11. september: 12 år gamal elev ved Os barneskule er smitta etter kontakt med ein smitta frå ein annan kommune.
13. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.