Lokal | 01. mars 2021

Kvinne smitta - barnehage stengt

35 ungar og 15 tilsette i karantene.

Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. mars 2021 13:36

Ei kvinne i 30-åra, tilsett i Flåten Naturbarnehage, har fått påvist covid-19. Alle barn og tilsette i barnehagen er definert som nærkontaktar, og difor satt i karantene.

Dette gjeld 35 barn og 15 vaksne, opplyser Bjørnafjorden kommune.

Barnehagen er stengt til over neste helg. Barn og vaksne er oppmoda om å testa seg i løpet av dagen.

Personar i same husstand er sett i såkalla ventekarantene fram til resultatet av testane foreligg. Ved negativ test kan dei andre husstandsmedlemmene gå ut av ventekarantenen, men nærkontaktane sjølve må vere i karantene til og med 8. mars.

– Den positive prøven er sendt til sekvensering for å avklara om det er ein mutert variant av Covid-19. Inntil dette er avklart opptrer vi som om det er ein mutert variant, fortel assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Smittevegen er ukjend. Føresette til barnhagebarna har i løpet av dagen blitt oppringt for rettleiing og informasjon frå helsepersonell i Bjørnafjorden kommune.

Eitt nytt tilfelle på Nore Neset

Det skal òg vera registrert eitt nytt tilfelle i samband med utbrotet på Nore Neset ungdomsskule.

Det er 68 elevar og 9 tilsette i karantene til onsdag.

OPPDATERT: Den nye smitta er ein mann i 50-åra. Han er ikkje tilsett ved skulen, men nærkontakt med husttanden som har smitte.

Datoane for dei smitta i Bjørnafjorden til no

Til no i 2021: 28
Totalt smitta: 131
1. mars: Kvinne i 30-åra, tilsett i barnehage.
1. mars: Mann i 50-åra. Nærkontak med smitta elev ved NN uskule.
26. februar: Elev på 9. trinn ved Nore Neset uskule.
25. februar: Ungdom i slutten av tenåra, elev ved skule i Bergen.
25. februar: Kvinne i 40-åra frå same husstand som eleven frå Nore Neset.
25. februar: Elev på 9. trinn ved Nore Neset ungdomsskule. 77 i karantene.
24. februar: Kvinne i 20-åra, truleg smitta i ein nabokommune.
23. februar: Mann i 40-åra, testa i samband med innreise til Noreg.
23. februar: Mann i 20-åra, testa i samband med innreise til Noreg.
8. februar: Jente som er elev ved Os vgs. Smitta av kontakt i Bergen.
8. februar: Kvinne i 20-åra. Smitteveg ukjent.
12. januar. Mann i 40-åra, smitta av nærkontakt mens han var i karantene.
8. januar: Par i 20-åra og son på 4 år. Testa i samband med innreise.
5. januar: Kvinne i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 50-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
4. januar: Åtte nye smitta, frå 5 år til i 60-åra. Høgaste tal på éin dag til no.
3. januar: Kvinne i 30-åra og hennar 1 år gamle born. Smitta av nærkontakt.

2020 haust (10. august til 31. desember): 89 smittetilfelle
2020 vår (11. mars til 14. april): 15 smittetilfelle

Totalt i 2020: 104 Sjå liste over alle

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.