Lokal | 05. sep. 2017

Kystvakten med fleire beslag

Hummarfiske før tida: Fann ulovlege teiner utanfor Nordstrøno og Skorpo.

Kystvakten med fleire beslag
KV Tor utanfor Nordstrøno laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. sep. 2017 11:26

Bildeserie:

Denne er 60 mm og ulovleg før hummarsesongen. (Foto: KVB)
Denne er 60 mm og ulovleg før hummarsesongen. (Foto: KVB)
Sånn - no er det 80 mm og lovleg krabbeteine. (Foto: KVB)
Sånn - no er det 80 mm og lovleg krabbeteine. (Foto: KVB)
1 av 2

I helga var KV Tor på tokt utanfor Nordstrøno og Skorpo.

– Vi har tatt beslag i 13 teiner, fortel skipssjef Jon Skålheim.

Han synest likevel at det såg «ganske bra ut» i skjergarden nordvest for Strøno.

– Det er ein del ulovleg bruk å finna alle stadar no, dessverre. Dette var ikkje noko uvanleg stort beslag.

Beslaget kjem i tillegg til fire ulovlege teiner utanfor Drange, som Fiskeridirektoratet fann torsdag morgon.

Feil fluktopning går igjen

Teinene er leverte til politiet. Nokre av dei var merkte, andre var ikkje.

– Det som går igjen er at folk bruker den vesle fluktopningen som teinene har når dei er nye.

– Denne er 60 mm, og skal vera der i hummarsesongen. Vil du fiska utanom hummarsesongen, etter krabbe, må du fjerna den ytste delen så fluktopninga blir 80 mm, seier Skåheim.

60 mm eller 80 mm? Sjå eksempelbilde under hovudbildet.

Det hjelper uansett lite å seia «visste ikkje» når politiet tar kontakt. Anten du driv jakt eller fiske så pliktar du å setja deg inn i reglane.

Les meir om reglane for hummarfiske på fiskeridir.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.