Fotball | 24. juli 2020

To lag kan ikkje rykka opp

NFF har bestemt seg for eigne opprykksrutinar i Norsk Tipping-ligaen.

To lag kan ikkje rykka opp
Sogndal 2 stilte ungt, men kjempa hardt mot Lysekloster i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. juli 2020 07:56

Norges Fotballforbund, som i midten av juni la ut ei terminliste med oppstart 8. august for Norsk Tipping-ligaen (3. divisjon), får ikkje svar før tidlegast 10. august om eventuell oppstart i september for vaksenfotball frå nivå fire og ned (nivå tre og ned på kvinnesida).

I mellomtida har dei justert reglane for opprykk for andrelaga.

Frå før kan ikkje andrelaga rykka opp til høgare enn 2. divisjon, men i årets sesong, som truleg blir ei intensiv økt på hausten, kan heller ingen andrelag på herresida rykka opp frå Norsk Tipping-ligaen til Post Nord-ligaen.

– Kor tid trening og kampar kan starta på nivå fire for menn er enno ikkje avklart. Avstanden mellom dei som har sjanse til å trena normalt mot dei som ikkje har lov aukar etter kvart som dagane går. Det er bakgrunnen for avgjerda, seier fotballpresident Terje Svendsen i ei pressemelding.

Lag som Os og Lysekloster kan framleis ikkje trena med duellar eller andre formar fysisk kontakt, mens lag som Brann 2 har spelarar som følgjer toppfotballen, og er i full sving.

Det var diskutert i Forbundsstyret å ta andrelaga ut av serien, men det blei ikkje vurdert som ei god løysing.

Frå Os og Lysekloster si avdeling er det Brann 2 og Sogndal 2 som ikkje kan rykka opp. Dei var uansett ikkje spådd særleg høgt på tabellen.

Alle laga i avdelinga (rangert etter vinnarodds frå Coolbet):
Lysekloster
Fana
Frigg
Lyn
Fyllingsdalen
Fjøra
Stord
Ready
Sandviken
Os
Brann 2
Sogndal 2
Bjarg
Årdal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.