Laget sikra eitt poeng - kapteinen tapte pengar på keeperen
To mål på eitt minutt då Os tok imot Åsane.
Bildeserie:
Os tok fredag kveld imot Åsane til serierunde i 1. divisjon junior.
Vertane låg 4 poeng bak med éin kamp mindre spelt.
Første omgang blei jamn i sjansar, men med noko meir press av gjestane. Åsane hadde eit godt slått frispark og eit par cornerar tidleg i omgangen, Os sin største sjanse før pause var Henrik Johannessen sitt skot frå litt spiss vinkel, forbi keeper, men på utsida av lengste stolpe.
– I førre kamp hamna vi fortent under, men kom tilbake og vann. I dag viste gutane betre haldningar frå start, dei kjempa hardt kampen ut og fekk eit fortent poeng, synest hovudtrenar for Os 2, som fleire av juniorspelarane kjem frå, Nuno Miguel Santos Marques.
Os - Åsane 1-1 (0-0)
Målskårar, Os: Elias Myrlid Heggland
Tropp og kampfakta på fotball.no
Stolpeskot og to mål på eitt minutt
Os opna andre omgang bra, og skapte 2-3 sjansar. Så kom ein periode med press av Åsane.
I 69. minutt kom Scott Drange på løp. Han fyrte av sjølv, frå grei distanse, og traff tverrliggar.
Åsane pumpa ballen opp igjen og tok leiinga i 70. minutt. I same minutt rulla Os opp ei angrep. Elias Heggland Myrlid, som har skåra hattrick i to kampar på rad, utlikna til 1-1.
Kaptein med honorar til keeper
Os sin sisteskanse Håvar Benjaminsen var ute i karantene (så vidt vi veit grunna kort, ikkje korona). Kaptein Emre Duvarci hjelpte til med å lokka Henrik Skromme Toft til å stå i mål.
– Henrik er i utespelar, men har i grunnen gitt seg. Han har ikkje trent fotball på fleire månadar. Eg sa han skulle få 400 kroner av meg om han heldt buret reint, dermed var det avgjort, ler Emre.
Toft var stødig og hadde fleire redningar i begge omgangar. Det skal ha vore ekstra med banning i mål då Åsane tok leiinga.
– Det blei heldigvis ikkje fleire baklengsmål, så han får 200 kroner sidan han berre sleppte inn eitt, lover Os-kapteinen etter kamp.
Dette var Os sin andre kamp på fire dagar. Neste kamp går òg heime, førstkomande torsdag, mot Arna-Bjørnar. Arna-Bjørnar har to poeng meir enn Os. Sjå tabell og terminliste på fotball.no.
Bildeserien under er synleg for pålogga abonnentar:
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.