Kultur | 04. mars 2021

Lassie og Donau på bygdekinoen

Tilbakeblikk på krigshistorie og gledeleg gjensyn med den kloke hunden Lassie.

Lassie og Donau på bygdekinoen
Lassie og Jakob Oftebro (t.h.) blir å sjå på lerretet i Oseana søndag. (Foto: Storytelling Media og Karl Erik Brøndbo, Fantefilm Fiksjon)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 04. mars 2021 10:24

Oseana, som i desse dagar sel berre 100 av 500 sete i amfiet i Oseanasalen, avsluttar vinterferien med to visingar frå Bygdekinoen.

– Billettsalet er i gang, og til denne runden har vi foreløpig selt fleire billettar til siste framvising, opplyser Oseana-resepsjonen.

– Men vi har framleis mange billettar til begge filmane.

Os har, trass nærleik til Bergen, hatt Noregs best besøkte Bygdekino, både då den var i Fjellheim og frå 2011 i Oseana. Normalt sel barnefilmane best, men norsk krigshistorie lokkar ofte mange til lerretet.

Søndag 7. mars er det «Lassie kommer hjem» og «Den største forbrytelsen» på programmet.

Sterke band mellom menneske og dyr

Mange som er foreldre i dag, vaks opp med filmar og TV-seriar om den kloge og snille hunden Lassie.

Lassie blei skapt av den britisk-amerikanske forfattaren Eric Knight i den sagnomsuste fortellinga «Lassie Come-Home», først publisert som novelle i Saturday Evening Post i 1938, seinare som roman i 1940. Første filmatisering var i 1943.

No er Lassie endeleg tilbake til neste generasjon:

Lassie og 12 år gamle Florian er uskiljelege. Etter at Florians far mistar jobben, må dei flytte til ein liten leiligheit der dei ikkje kan ha hund.

Florian må gje frå seg Lassie til Herr von Sprengel, som lovar å passa på Lassie. Men ein av Von Sprengels tilsette er ufin mot Lassie, så hunden rømmer for å finne sin rette eigar.

«Lassie kommer hjem» er godt skildra med friskt skodespel frå barna i hovedrollane, og sjølvsagt ein nydeleg collie som midtpunkt. Hundelause familiar bør mogleg halda seg vekke frå denne filmen, for det er ein fare for at det kan bli mas om hund frå barna som ser den.

Filmen startar klokka 16.00
Aldersgrense: 6 år

Den største forbrytelsen

26. november 1942. Etter ordre frå den tyske okkupasjonsmakta vert ein storstilt politiaksjon igangsett over heile landet. I Oslo er over 300 politifolk, hirden og NS-medlemmer kalla inn for å bistå.

Over 100 drosjar er rekvirert til oppdraget. Jødiske kvinner, menn, born og eldre skal arresterast og deporterast same dag.

Dette er ein storslått og dramatisk film basert på ei sann historie som strekk seg frå 1930-talet til fredsdagane i 1945.

Fortellinga om familien Braude står i sentrum for handlinga i filmen. Ein vanleg norsk arbeidarfamilie som inntil desse skjebnesvangre dagane hadde levd sine liv i tryggleik på Grünerløkka. Der levde dei med sine draumer for livet og ambisjonar for framtida, men fekk si skjebne besegla av det faktum at dei var jødar.

Donau forlet Oslo med totalt 529 norske jødar om bord, endestasjonen er utrydningsleiren Auschwitz.

Filmen startar klokka 18.30
Aldersgrense 12 år

Begge filmane blir tilgjengelege på Oseana bygdekino søndag 7. mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.