Lokal | 01. jan. 2010

Is-leik på Lekven

Hallgeir Lekven og Eivind Røttingen har hjelpt Moder Natur med å skapa skeiseforhold på Lekvenvatnet.

Is-leik på Lekven
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. jan. 2010 09:56

Bildeserie:

1 av 5

- Då vi sjekka isen vesle nyttårsaftan var den 16 cm tjukk inne ved land, så då var det berre til å gå i gong, seier Eivind Røttingen.

Nyttårsaftan var han og Hallgeir Lekven i full sving med pumping av vatn på Lekvenvatnet. Samstundes rigga dei seg til med hagebord på isen.

- Her har det vore servert kakao, kaffi og hotdog i heile dag. Ungane har leika medan vi har sprøyta vatn.

- Vi pumpa både i går og i dag. Pumpa klarar 600 liter per minutt, så vi har nok henta rundt 70.000 liter frå undersida til oppsida av isen, trur Hallgeir.

Vatnet er på det meste 18 meter djupt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.