Lokal | 21. sep. 2020

Leiter etter eigar: Seglbåt gått ned i Askvik

– No er den kommunen sitt ansvar.

Leiter etter eigar: Seglbåt gått ned i Askvik
Etter nokre veker ved Askvikneset har seglbåten no gått ned. (Lesarbilde, foto: Vegard Mikkelsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. sep. 2020 12:41

Ein seglbåt som har lagt fortøydd ved kommunal kai i Askvik dei siste vekene, har no gått ned.

– Vi fekk melding tysdag i førre veke, om at båten hadde fått slagside. Då vi kom ut der var det berre baugen som stakk opp, fortel Espen Storum frå Bjørnafjorden brann og redning.

– Det er ein fin båt, og vi har fått meldingar dagleg av både folk som bur i området, og av båtfolk, som har reagert på at båten har vore dårleg fortøydd og etter kvart skadd.

Brannvesenet har hatt tett dialog med politiet, som har prøvd å finna eigar, eit arbeid som til no ikkje skal ha gott resultat.

– Det har òg vore folk i nærområdet som har engasjert seg for å redda båten. Nokre har òg vist interesse for å kjøpa den. Men først handlar det om å finna eigar.

Nok eit vanskeleg tilfelle

Feilparkerte båtar utan kjent eigar, eller med passiv eigar, kan fort bli grunneigar sitt problem.

Den store kaien som seglbåten ligg ved, høyrer til Askvikneset, som kommuen kjøpte av Helse Bergen i 2012.

Naboar har prøvd å redda båten, som først låg fortøydd ved den store, kommunale kaien. (Foto: Vegard Mikkelsen)
Naboar har prøvd å redda båten, som først låg fortøydd ved den store, kommunale kaien. (Foto: Vegard Mikkelsen)

– Det er litt ullent regelverk når båten ligg delvis på svai, slik denne gjer, men no når den har gått ned er den definitivt vårt ansvar. No håper vi på å unngå forureining, og at vi kan løfta den med kran frå land.

Alternativet blir å leiga inn ein arbeidsbåt, slik kommunen gjorde då Samba i mai var og henta fem båtvrak frå botnen ulike stadar i kommunen.

– Vi skulle helst sett at det var både lov og mogleg å flytta slike båtar til ei hittegodshamn, så vi unngjekk at dei gjekk ned. Sånn det er no, er det vanskeleg å gjera noko med båten før det går gale, viss eigar er ukjent eller passiv, og dyrt for eigar eller for skattebetalarane når båten har gått ned.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.