Lokal | 19. mai 2020

Lesarane si 17. mai-feiring

Lagde stemning, marsj, hjarteformasjon og konkurransar.

Lena Lekven Ellefseth (t.v. i Fana-bunad) og Andrine Lothe Måge (Hardangerbunad), helsing frå Ove Helland på Eldfisk Sierra og eggeløp fotografert av Karianne Hope.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. mai 2020 11:53

Laurdag inviterte vi dykk lesarar til å senda inn bilde og video av 17. maifeiringa, som i år var mest i små grupper.

Vi takkar for alle bidrag - og deler ut premie til tre innsendarar (innsendar av bilda øvst):

Lena Ellefset, Ove Helland og Karianne Hope for ekstra fine, spennande og livlege bidrag.

Dei tre får gåvekort på 500 kroner kvar, og kan velja mellom AMFI Os og Havnechefen.

Under følgjer bilda og videoane vi har mottatt frå feiringa i og utanfor Os

Familien Aase kledd for fest. (Foto: Inger-Johanne Haugland)

Fleire korps hadde ulike oppdrag 17. mai, nokre marsjerte òg i eige nabolag, som Lyshornet skulebrass. Som andre stadar i bygda, hølja det ned over Nesjaryggen (foto: Karen Beathe Rokkones).

Lyshornet skulekorps - 2020 from Midtsiden on Vimeo.

I Lysefjorden var det dessutan eit ungt, kort og firbeint tog å sjå på vegen

Årets 17. maitog i Lysefjorden (Foto: SonjaM. Skotheim)

Andre dyr hadde pynta seg meir:

Dolly. (Foto: Gro-Anita Storum Nybøe)
Oscar. (Foto: Lena Ellefseth)

Mange hadde tradisjonelle 17. mai-leikar heime

Helsing frå Bø. (Foto: Linda Fimreite Jansen)
Ingen 17. mai utan sekkeløp. (Foto: Karianne Hope)

Det var òg fleire som gjekk i tog, frå Småhaugane burettslag i Varåsen til heime åleine på terrassen:

Minitog i Småhaugane. (Foto: Jan-Ove Nordvik)
Roald Eriksen i marsj på heimebane.
Alva Anett Lothe Måge (2) i full fart på Gudriflaten (Foto: Sissel Iren Lothe)
Lena Ellefseth og Erlend Bøyum Budal feira utanfor Solstrand at det er to år sidan dei kom saman.
Even Elias Austevoll sender helsing frå Malmø, der dei òg heiste det norske flagget.

Midtsiden deltok både på konvoi i Øyane og såg allsong utanfor Oseana. Det var det fleire som gjorde.

Oselvar med segl før start på konvoi i Øyane. (Foto: Øystein Skorpen)
Russen på moloen - sett frå sjøfronten. (Foto: Oluf Hessen)

Mens Oluf Hessen tok bilde av russen som stilte seg opp for allsong, satsa naboen Per Eide-Olsen på video:

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.