Fotball | 21. juli 2020

Lysekloster styrkar stallen vidare

I fjor slo han Strømsgodset ut av cupen, no er Henrik Byklum klar for Lysekloster.

Lysekloster styrkar stallen vidare
Henrik Byklum spelte kvartfinale i cupen i fjor. No er han på plass i Lysefjorden. (Foto: Lysekloster il)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. juli 2020 08:07

Henrik Byklum går frå PostNord-klubben Fram Larvik til Lysekloster. Det fortalte Lysekloster på Facebook-sida si måndag kveld.

Henrik fylte 21 år i februar, har spelt aldersbestemte landskampar på G15 (3 kampar), G16 (6) og G17 (10), og hadde til saman 52 kampar for Fram Larvik i 2018 og 2019.

Fram Larvik landa på 5. plass i PostNord-ligaen (2. divisjon) i fjor, og tok seg til kvartfinale i NM med 2-1-siger over Strømsgodset. Der blei det 0-3-tap for Ranheim.

Byklum har vakse opp i Randesund, spelte 23 kampar for Fløy i 2016 og debuterte for Start i 2017.

Han speler sentral midtbane, blir skildra som ein allsidig fotballspelar, og skåra 4 mål for Fram i fjor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.