Samferdsle | 06. apr. 2021

Lysregulering fram til midten av mai

Gravearbeid påverkar trafikkbildet for både gåande og køyrande.

Lysregulering fram til midten av mai
Det berørte området av Bjørnavegen. (Kart: BF kommune)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 06. apr. 2021 11:48

Bjørnafjorden kommune melder i dag om komande gravearbeid i Bjørnavegen nær Halhjemsmarka.

Entreprenør Vestafjell AS utfører arbeid med å leggja nye leidningar for vatn og avløp for Bjørnafjorden kommune.

Gravearbeida har starta i Vargavågen og vil fortsetja vidare langs Bjørnavegen mot Auredalen.

– Planen er at dette kjem i gang førstkomande torsdag, fortel Siril Langhelle frå Bjørnafjorden kommune.

Arbeidet medfører lysregulering langs Bjørnavegen og omlegging av gangtrafikk fram til midten av mai.

Gåande og syklande vert oppmoda til å bruke gangvegen mellom Mardalsrenen og Auredalen, og ikkje gå i kryssområdet.

Køyrande vert oppmoda til å berekna ekstra tid grunna lysreguleringa.

Du kan lesa meir utfyllanda informasjon om arbeidet på Bjørnafjorden kommune sine heimesider.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.