Fotball | 22. okt. 2020

Målkalas i Lysefjorden

Etter å ha fått bank på Bømlo tok Lysekloster kraftig igjen mot Baune.

Målkalas i Lysefjorden
Henrik Tiger Sandtorv leiar juniorlaget til Lysekloster. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. okt. 2020 20:13

Lysekloster G19 vann tysdag heile 10-1 over Baune på heimebane.

– Vi skåra dei 4-5 første i løpet av halve førsteomgangen, til pause sto det 6-0. Då fekk gutane beskjed på å øva på å visa litt meir tolmod, fortel Henrik Tiger Sandtorv.

Henrik driv med analyse for A-laget og trener juniorlaget.

Andre omgang blei ikkje målfattig den heller, Lysekloster banka inn 4 mål til.

Lysekloster - Baune 10-1 (6-0)
Målskårarar, Lysekloster: Kristian Eidnes 3, Sebastian Aase 2, Peter Armstrong 2, Kristian Orrebakken, Marius Hevrøy og Magnus Eidsvåg.
Sjå heile troppen på fotball.no

– Vi har rundt 15 spelarar i juniorstallen, inkludert Sebastian Aase, Kristian Eidnes og keeper Jakob Folkestad. Folkestad er skadd, som Armstrong og Eivind Karslen står kvar sin omgang i mål.

Armstrong var litt for ivrig med armen då han sto i mål i 2. omgang. I 78. minutt blei han utvist grunna hands utanfor 16-meteren.

– Han ville venta til ballen trilla innanfor, men blei pressa og måtte ta eit val.

Neste heimekamp på ein søndag

Lysekloster ligg greit an i 2. divisjon, med to sigrar på tre kampar. Neste runde går borte mot Sædalen, som står med 1-2-3 siger-uavgjort-tap etter sine 6 første kampar.

Så ventar ein helgekamp heime.

– Kampen mot Loddefjord skulle gå siste laurdagen i oktober, men er flytta til søndag 1. november klokka 16. Det blir kjekt med ein ettermiddagskamp neste helg, sjølv om det òg har vore open kiosk og god stemning på dei andre kampane til no.

God start, lang pause og tøff bortekamp

Det er første gong på nokre år at Lysekloster juniorlag. Dei fekk ei god serieopning i 2. divisjon med 4-3-siger over Austevoll etterfølgt av ein lang pause.

– Smitteutbrot i Bergen gjorde at vi måtte halda oss heime nokre veker, men så sto bortekamp mot Bremnes for tur, fortel Sandtorv.

Der fekk dei tøff motstand.

– Vi låg under 3-0 til pause, og følte det berre var justeringar som skulle til for at vi kom meir med i kampen. Men siste halvtimen blei det kollaps.

Bremnes vann 10-0.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.