Fylkesveg | 25. feb. 2024

Manuell dirigering på Lepsøybrua

Vinterpausen på vedlikehaldsarbeidet er snart over.

Manuell dirigering på Lepsøybrua
Det lettar i vest: Arbeidet starta i august og skal halda fram til 15. oktober i år. Bildet er tatt 4. november. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. feb. 2024 09:19

Måndag 21. august starta arbeidet med vedlikehald av Lepsøybrua, ein jobb som skal vera ferdig 15. oktober 2024.

I starten på desember opplyste Vestland fylkeskommune at dei tok vinterpause på arbeidet fram til «vêret tillet at vi går i gang igjen, truleg i mars eller april).

Fredag kom vegvesenet med informasjon om vegarbeid frå måndag 26. februar til og med fredag 1. mars.

Varselet gjeld tysdag, onsdag, torsdag og fredag (altså ikkje måndag 26/2) i tidsrommet frå klokka 09 til 15 desse dagane.

– Vegen kan bli stengt i ein halvtime om gongen. Det blir manuell dirigering.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.