Firma i Os | 08. apr. 2021

Ny verkstad har opna: – Vi har fokus på effektivitet og kvalitet

Den andre Bilxtra-verkstaden i Bjørnafjorden er klar for kundar.

Ny verkstad har opna: – Vi har fokus på effektivitet og kvalitet
Den andre Bilxtra-verkstaden i Bjørnafjorden er klar for kundar.
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 08. apr. 2021 11:50

På tirsdag opna Bjørnafjorden Auto AS sin verkstad i Industrivegen, og blir med dette den andre Bilxtra-verkstaden i Bjørnafjorden.

No har altså innehavar, Rune Balland, to verkstadar i same gate.

– Det blir to separate firma, men vi vil naturlegvis samarbeida og dra nytte av kvarandre, med noko utveksling av utstyr om bemanning, viss behov, og ved å senda kundar til kvarandre om den eine har lang venteliste.

– Bjørnafjorden Auto vil ta både EU-kontrollar, service og reparasjonar, men ikkje dei mest omfattande jobbane, dei må bort til Os Auto, seier Balland, som eig 100 prosent av aksjane i begge selskapa.

Rune Balland og Marius Folkestad er klare for å gje gass. (Foto: ØH)
Rune Balland og Marius Folkestad er klare for å gje gass. (Foto: ØH)

Ting tar tid

Hos Os Auto AS vil det gå som vanleg, der er det god trafikk på kundane og det er meir enn nok å gjere. Men Balland er førebudd på at det ikkje naudsynt vil stå kundar i kø på den nye verkstaden med det første.

– Ting tar tid, så dette skal vi bruka tålmodigheit på. Vi skal ikkje stressa, eg veit at dette vil løysa seg fint etterkvart.

Logistikken ser det også ut til at dei har kontroll på.

– Vi kjem til å vera seks mann på Os Auto AS, og to mann her hos Bjørnafjorden Auto AS, påpeikar Balland.

Effektivitet og kvalitet

Mekanikaren som skal få ansvaret med den daglege driften på Bjørnafjorden Auto AS, Marius Folkestad, er klar og tydeleg på kva som skal kjenneteikna den nyopna verkstaden.

– Her skal det vera effektivitet og kvalitet som skal gå hand i hand. Det er sjølvsagt to ting som kan vera både utfordrande og krevjande.

– Eg har sjølv opplevd frå tidlegare at dei som er altfor oppteken av effektiviteten, ofte går på bekostning av kvaliteten. Difor er det veldig viktig å ha ei balansert vekting på dette, påpeikar mekanikar i Bjørnafjorden Auto AS, Marius Folkestad.

Marius Folkestad er oppteken av både effektivitet og kvalitet. (Foto: ØH)
Marius Folkestad er oppteken av både effektivitet og kvalitet. (Foto: ØH)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.