Vêret i Os | 19. jan. 2024

Meir nedbør i dag - plussgradar i morgon

Oransje farevarsel for store snømengder i dag, gult farevarsel for is i vegbanen i helga.

Meir nedbør i dag - plussgradar i morgon
Mørke skyer på veg inn over Steinneset i Os sentrum i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. jan. 2024 09:26

Etter store snømengder tysdag og skyfri himmel onsdag kom det nok ein dag med tett snøvêr torsdag.

Til fredag var det meldt 40 nye cm med snø. Yr har redusert snøbyge frå klokka 13 til 14, Storm held fast med at det skal snø gjennom heile dagen i dag.

Det er no opphaldsvêr i Os, men mørke skyer på veg inn.

Laurdag skal det gå frå snø til regn, og det er meldt fare for is på vegane gjennom helga.

Forsikringsselskapet Frende fortel i ei pressemelding i dag om ein auke på 20 prosent i bilskadar til no i år.

Dei kjem med følgjande tips til bilistar på vanskeleg føre:

  • Vurder om du verkeleg treng å køyra når føret er på sitt verste
  • Berekn god tid, køyr med lågare fart enn elles
  • Skrap rutene skikkeleg, så du har god sikt til alle sider
  • Prøv å bremsa på underlaget med låg fart – kjenn korleis bremselengda er samanlikna med det du er vant til
  • Ha god avstand til bilen framfor, mykje lengre enn på vanleg, tørt føre
  • Hald fokus på vegen - ikkje sjekk mobilen eller skift musikk mens du køyrer
  • Det er òg meldt regn søndag, starten på neste veke får 5-6 plussgradar og regn fram til onsdag formiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.