Lokal | 21. jan. 2021

Melder kuling i kveld

Orkan i nord og 11 meter høge bølgjer i sør. Vestland får lettare ver, men litt vind i luggen blir det likevel.

Os hamn i dag. I kveld er det venta opptil 12 m/s frå aust. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. jan. 2021 13:57

Meteorologisk institutt har raudt farevarsel for Nord-Noreg, der orkanen «Frank» herjar med vindkast opp mot 50 m/s på Nord-Helgeland.

I Agder og Rogaland er det meldt uvanleg høge bølgjer, frå 9 til 11 meter høge.

Vestland fylke og Bjørnafjorden får lettare vêr, men det er meldt opptil 12 m/s vind (liten kuling) frå aust i 21-tida i kveld.

På dagtid torsdag er Vikafjellet stengt, og det er kolonnekøyring over Hardangervidda og Hol-Aurland. Filefjell og Hemsedalsfjellet er ope for normal trafikk, ifølgje BT.

Vindstyrken skal i Os halda seg på 7 til 10 m/s fram til lunsj fredag, men også laurdag er det venta frisk bris og regn.

Temperaturen skal halda seg på 4-5 varmegradar.

Til søndag er det meldt 3-5 m/s vind og opphaldsvêr.

I neste veke er det meldt kaldare, 0 til 2 varmegradar, og fleire dagar med lettskya vêr.

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.