Lokal | 27. mars 2021

Miljødirektoratet: Snart for seint å gjera noko med dette

Skal du gjera tiltak mot støy, må du gjera det før dei bygger reir.

Miljødirektoratet: Snart for seint å gjera noko med dette
Når måsen har byrja å bygga reir må den få fred. Sjølv om du vil ut med båten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 27. mars 2021 07:47

«Måker som bråker» er tema hos Miljødirektoratet før påske.

Dei kjem med ei liste over tips til kva du kan gjera om du har bestemte stadar du vil unngå at måsane bygger reir. Men minner samtidig om at når dei først har byrja å bygga, så må dei få fred.

– På våren kan det virke som om måsane er overalt, men faktisk har fleire måseartar blitt betydeleg færre dei siste åra. Både krykkje, hettemåse og fiskemåse er truga artar i tilbakegang i Noreg, og dei fleste måseartane slit med å produsera ungar. Derfor er det ikkje lov å forstyrra hekkinga, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Måsar bruker ofte dei same hekkeplassane over fleire år. Viss du opplevde problem med måsar i fjor, kan du gjera forebyggande tiltak sånn at måkene finn seg ein annan stad å hekka.

Dette må skje i god tid før hekkesesongen, noko som betyr at det må skje ganske snart.

Kva kan du gjera?

  • legga til rette for hekking andre stadar ved å bygga måseplattform som du set opp på eigna stadar
  • unngå å mata måsane - rydd etter deg på rasteplassar og uterestauranar så måsane ikkje venner seg til stadar der det er lett å finna mat
  • sett opp forstyrrande piggar på typiske sitjeplassar, på gesimsar og takutstikk der fuglane ofte sit for å observera og følgja med
  • spenn trådar opp på taket med 30 cm mellomrom og 30 cm opp frå taket før hekking, men ikkje bruk nett som fuglane kan setja seg fast i
  • variera med ulike typar fugleskremmere før hekking

Så fort måkene har byrja å bygga reir, er det forbode å fjerna reira eller uroa dei på andre måtar. Å fjerna påbegynte reir eller egg blir definert som skadefelling, og for å gjera dette dette må du søkja om løyve.

Auka problem om dei ikkje får fred

Måsane bråkar først og fremst i hekkeperioden, som i størstedelen av landet er frå mai til midten av juli. Forstyrrar du måsane, vil bråket vara lengre.

Etablerte par som får ro til å etablera seg vil gjennomføra egglegging og oppfostring av ungar på kortare tid enn fuglar som blir forstyrra og får avbrote hekkinga.

Desse vil oftast prøva på nytt eller på ein annan stad i nærleiken. Dermed kan problemet bli større enn kva det opprinneleg var.

Strøneosen: Hobbyfiskarar som Gunnar Bruarøy sørgjer for at ikkje like mange måsar flyttar inn til Os sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Strøneosen: Hobbyfiskarar som Gunnar Bruarøy sørgjer for at ikkje like mange måsar flyttar inn til Os sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fleire måsar i tettbygd strøk

Det har alltid vore måsar i byområde. Årsaka til at måsane er meir synlege no enn før er at måsane har lært seg at det er enklare å overleva i tettbygd strøk.

Her er det færre rovdyr og enlare å finna mat.

– Større utbygging og fleire flate tak kombinert med nedbygging av bynær våtmark og mindre tilgjengeleg mat langs kysten har gjort at mange av fuglane har flytta inn til nyar og bygdesentrum. Vi menneske må nok læra oss å leva med naturen tett på i bynære område òg, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Ny vegleiar

Miljødirektoratet har nyleg publisert ein ny vegleiar for folk som opplever problemer med vilt. Her finn du forebyggande tiltak.

Miljødirektoratet blir oftast kontakta om: Måsar som bråkar, gjess som gjer skade på avling, flaggermus på loftet, hakkespettar som hakkar hull i bygninger og grevling som held til under hus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.