Lokal | 10. juni 2020

Mistenkt for a-krim etter sjekk av lastebil

Både vegvesenet og Nav er kontakta etter at politiet stoppa ein lastebil på Byvegen i går.

Mistenkt for a-krim etter sjekk av lastebil
Politiet fekk hjelp av vegvesenet til å undersøka den tungt lasta bilen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. juni 2020 07:45

Tysdag litt før klokka 17 fekk politiet melding om ein tungt lasta bil på Byvegen.

– Hjula skal ha tatt oppi hjulbogen då den køyrde, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Bilen blei vinka inn på Uno X i Tøsdalsskiftet. Statens vegvesen kom, og gjorde tekniske undersøkingar på last og dimensjonering.

Bilen var tungt lasta. Ein annan bil kom til for å hjelpa med transport av varene. (Foto: KVB)
Bilen var tungt lasta. Ein annan bil kom til for å hjelpa med transport av varene. (Foto: KVB)

– Bilen er norskregistrert, to utlendingar var om bord. Vi tok beslag i førarkortet til sjåføren, noko han samtykka i.

Men det var ikkje berre overlast politiet ville undersøkja.

Mistenker ulovleg arbeid

Bilen var fylt til taket med noko som såg ut til å vera daglegvarer, frå bleier til hermetikk.

Ein annan lastebil kom raskt til staden for å avlasta den tunge lasta.

– Passasjeren står ikkje som tilsett i selskapet til sjåføren av bilen med overlast, det gjer heller ikkje dei som kom for å henta lasta.

– Vi mistenker at nokre av desse har jobb, men mottar trygd, og har kopla inn Nav og gruppa som jobbar med a-krim (arbeidslivskriminalitet) i distriktet vårt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.