Sport | 05. aug. 2014

Nådde Mont Blanc på under 10 timar

– Det var som å springa på taket av eit fly og høgda fekk oss til å føla oss brisen, seier Thomas Andersen etter løpeturen til toppen av Europa.

Nådde Mont Blanc på under 10 timar
Thomas Andersen (t.v.) og Thorbjørn Ludvigsen på Mont Blanc i går. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. aug. 2014 10:50

Bildeserie:

Turistmålet Aigile du Midi midt i bildet, der det går bane opp til 3850 moh, tatt frå 4000 moh. (Privat foto)
Turistmålet Aigile du Midi midt i bildet, der det går bane opp til 3850 moh, tatt frå 4000 moh. (Privat foto)
Etter klatring i snø og stein gjekk turen vidare på isbre. (Privat foto)
Etter klatring i snø og stein gjekk turen vidare på isbre. (Privat foto)
Thorbjørn i det klatringa var ferdig og jogginga på breen kunne starta. (Privat foto)
Thorbjørn i det klatringa var ferdig og jogginga på breen kunne starta. (Privat foto)
Målet, Mont Blanc, tatt i 4300 moh høgde, 500 høgdemeter igjen. (Privat foto)
Målet, Mont Blanc, tatt i 4300 moh høgde, 500 høgdemeter igjen. (Privat foto)
1 av 4

Måndag morgon klokka 04.06 starta ultraløparane Thomas Andersen frå Os og Thorbjørn Ludvigsen frå Bergen løpeturen frå den franske alpebyen Les Houches (ca 1000 moh) opp 3800 meter til Mont Blanc (4810 moh).

6 timar og 15 minutt seinare var dei på toppen. Målet var å klara tur-retur på under 10 timar og dei to Team Salomon-løparane klarte turen på 9 timar og 42 minutt.

Mont Blanc er, med unntak av Elbrus (5642 moh) i Kaukasus, der det er usemje om grensene og uvisse om kva verdsdel toppen ligg i, den høgaste fjelltoppen i Europa.

– Som å vera brisen

– Bortsett frå ein treningstur i helga, då eg var oppe på 4300 meter, har eg aldri vore så høgt oppe før, seier Thomas, som blant anna har deltatt i to ultraløp ved Mont Blanc, men då «berre» vore oppe i knappe 3000 meter over havskorpa.

Siste stykket gjekk på eggen av isbrea som utgjer toppen av Mont Blanc, med bratt stup ned mot Italia på den eine sida og Frankrike på den andre.

– Det var som å løpa på taket av eit fly. Eg konsentrerte meg om å sjå rett ned i det cirka éin meter breie sporet. Vi hadde tau mellom oss og planen var, viss ein av oss skulle ramla utfor, at den andre skulle kasta seg utfor på motsett side.

Mont Blanc er, med sine rundt 2000 offer, den fjelltoppen i verda der flest har mista livet i forsøk på å ta seg til toppen. Rett nok er det fleire som prøver å ta seg til toppen av Mont Blanc enn for eksempel Mount Everest eller K2, men det var likevel ein viss risiko knytt til turen.

– Den tynne lufta fekk vi verkeleg merka. Brått så blei du både kvalm og svimmel. Vi har to timar video frå turen og vi heldt på å le oss ihjel då vi såg på den i går kveld. Både løpestilen og ting vi sa gjorde at det såg ut som om det var to småfulle menn på joggetur, humrar Andersen.

Noko av det dei lo best av var då Thorbjørn sa «sjå, der er Chamonix» og Thomas kjefta tilbake og bad han halda augene på stien. Og Thomas sin noko pessimistiske kommentar på toppen; «Ja, ja, vi kom oss i alle fall opp».

Heime på hotellet rekna dei med at dei hadde vore rundt eitt minutt på toppen, som besto av eit lite platå på rundt tre meter breidde. Videoen viste 15 minutt.

– Eg hadde tydelegvis gløymt at eg hadde GoPro-kamera på hovudet og gjekk og banna for batteriet på fotoapparatet svikta i kulda. Men vi fekk ein del film frå toppen og Thorbjørn fekk til telefonen sin og fekk tatt nokre bilde.

Fekk kjeft av klatrarar

Turen starta på afsfalt og heldt fra 2000 moh fram på skogsveg. På 2300 meter kom dei til ein endestasjon for ein togbane, som fleire klatrarar brukar til første trasé.

– Vi passerte mange klatrarar og fleire av dei ropte etter oss. Dei var kanskje urolege for at vi ikkje visste kva vi heldt på med, og kanskje litt provosert.

– På veg ned møtte vi også nokre klatrarar, men dei hadde snudd og var på veg ned igjen. Kanskje grunna vêrmeldinga, vi var nok heldigare med timinga og hadde flott utsikt og ganske lite vind på toppen.

På 3200 meter var det opp ei steinrøys, så bar det vidare over eit platå før dei måtte klatra på alle fire opp ein vegg av snø og stein.

– Det var bratt, men ganske enkelt å klatra.

Frå 3800 meter var det løping på ryggen av ei bre før sjølve toppstøtet frå 4300 meter til 4800 meter, på den smale eggen med bratt vegg av is på begge sider.

Turen starta i shorts og singlet med enda med ytterklær i 10 minus.

– Vi sprang i Salomon-sko, men hadde naturlegvis med isbroddar som vi fest på, elles hadde det ikkje gått. Og så hadde vi med Spot-tracking, GPS, telefon, ull, mat og drikke, klatretau og karabinkrokar, solbriller og duk å pakka oss inn i om vi blei sitjande fast å frysa.

Norsk rekord?

På spørsmål om Thomas og Thorbjørn, som er blant dei beste ultraløparane i Noreg, har sett ein rekord med den knappe 10 timar korte toppturen, svarer han kontant nei.

– Ultraløp er ein stor idrett i Europa og det er mange løparar som bur i traktene her, som tar seg slike turar. Verdas råaste ultraløpar, Kilian Jornet, har rekorden på mange fjell, inkludert dette.

– Thorbjørn bur hos Kilian no og han gav oss hjelp med planlegginga. Kilian sprang rett nok ei anna rute og med support i løypa, men brukte berre fem timar opp. Eg trur han bruker rundt 8 timar på den ruta vi løp.

– Men i norsk målestokk er ti timar til toppen ganske bra, vil eg tru.

Ny tur om tre veker

Andersen har vore drygt to veker i Alpane på trening og reiser heim igjen til Os i morgon.

Så, om tre veker, går turen ned igjen til same terreng. Då skal han for tredje år på rad delta i North Face Ultra Challange Mont Blanc, der han i fjor tok 7. plass, i ein endå lengre og hardare distanse enn tidlegare.

– Dei neste løpa mine blir dette i Mont Banc og å kryssa Folgefonna, noko vi gjer på gøy og som bli for kosetur å rekna i forhold til det vi gjorde i går.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.