Kultur | 22. des. 2020

Nær fullteikna gudstenester

Om du tenkjer deg på gudsteneste i jula må du vera rask.

Nær fullteikna gudstenester
Det blir julegudstenester i år òg, men med restriksjonar, fortel sokneprest, Roar Hallesby Evjedal. Her ei snødekt Os kyrkje frå tidlegare år. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 22. des. 2020 08:59

Korona-pandemien gir utfordringar for kyrkjelydslivet òg.

Vanlegvis er kyrkjene godt besøkte i julehøgtida, men med dei gjeldande restriksjonane er det kun lov med 50 deltakarar på kvar gudsteneste.

Kyrkjelyden i Os har i år difor gått ut med påmeldingsskjema for å ta del i gudtenestene.

13 plassar att

Sokneprest Roar Hallesby Evjedal at det i skrivande stund kun er 13 ledige plassar att på julegudstenestene i Os.

Desse er alle på julaftan.

– Det er ni ledige plassar att på gudstenesta klokka 13 i Nore Neset kyrkje, og det er fire plassar att på gudstenesta klokka 16, det òg i kyrkja på Nore Neset. Alt anna er fullteikna.

Soknepresten er glad for at gudtenestene fyller seg opp, men er samstundes prega av utfordringane.

– Det gler meg at vi kan ta i mot dei vi har plass til, men samstundes tykkjer eg det er trist og kjedeleg at vi ikkje kan ta i mot fleire enn 50 om gangen. Eg håpar det er første og siste gongen vi treng oppleva dette.

I tillegg til restriksjonar på kor mange deltakarar det er lov til å ha på gudtenestene, blir det ikkje allsong i Nore Neset kyrkje.

– Nei, grunna plassmangel, og krav til to meter mellom songarane, kan vi ikkje ha forsongarar og allsong på Nore Neset.

– Uansett gjer vi det beste ut av situasjonen, og vi planlegg å syngja saman utanfor kyrkja etter gudstenestene.

Digitale alternativ

Om du ikkje får deg fysisk plass på ei av gudstenestene har kyrkjelyden lagt opp til eit digitalt alternativ.

– Gudtenesta klokka 14 i Os kyrkje vil bli strøyma, fortel Evjedal.

– Du finn sendinga på YouTube-kanalen til Os Sokn, og du vil òg finna lenkja på Facebook-sida vår.

Om du ikkje rekk å logga deg på akkurat når sendinga går, har Evjedal ei løysing;

– Vi planlegg at denne gudstenesta skal liggja tilgjengeleg for alle gjennom heile jula.

– I tillegg kan du gå inn i arkivet til NRK.no og sjå TV-sendinga frå kyrkja i 2016. Då med ei fullsett kyrkje - om du vil mimra om korleis det var før pandemien og restriksjonane kom.

Sånn blir jula i kyrkjelyden

Julaftan:
Os kyrkje kl. 14.00, 15.15 og 16.30: Gudsteneste
Prostiprest Svante Havåg.
Song av Join Us (kl. 14.00). Song av Isabell Aase (kl. 15.15 og 16.30).

Nore Neset kyrkje kl. 13.00, 14.30 og 16.00: Gudsteneste
Sokneprest Roar Hallesby Evjedal.
Song av Martin Herfjord på alle gudstenestene.

1. juledag:
Os kyrkje kl. 11.00: Høgtidsgudsteneste
Sokneprest Roar Hallesby Evjedal.
Blåsarar frå Os musikkforening.

Tysdag 29.12.20:
Storsalen i Tunet kl. 19.00-21.00: Nyttårsjazz 29.12.20
Helge Haukås med venner.

1. nyttårsdag
Os kyrkje kl. 11.00: Gudsteneste
Kapellan Anette-Emilie Gangstø. Helge Haukås på trompet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.