Meining | 15. apr. 2021

Næringsutvikling og ein rettferdig klimapolitikk hand i hand

Med Arbeiderpartiet sin politikk blir det jobbar i distrikta, industriutvikling og eit trygt arbeidsliv for både fagarbeiderar og forskarmiljø. Det grøne skifte vil inkludere alle.

Næringsutvikling og ein rettferdig klimapolitikk hand i hand
Trine Lindborg. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. apr. 2021 09:27

Noreg og verda står framfor store utfordringar for å ta vare på vår felles arv, ein klode som tåler måten me brukar den på. Me er heilt nøydd til å utvikle berekraftig forbruk, og ein industri som både produserer berekraftig, og der produktet er miljøvennleg.

Tek me ikkje leiartrøya no, så sakkar me akterut. Difor vil Arbeidarpartiet kutte utslepp, samtidig som me bygger industri og skapar arbeidsplassar.

All næringsutvikling er avhengig av at ein har tilgang på arbeidskraft, kunnskap, økonomi, naturressursar og innovasjonsevne. Her har me i Noreg eit stort fortrinn. Me har ein oljeindustri med dyktige fagfolk, med høg kompetanse, som gir landet store inntekter.

Olja varer ikkje evig, og på sikt vil bruken av denne naturressursen minka. For å lukkast med ei slik omstilling må ein ha med seg industrien og dei kompetente fagfolka.

Ein må byggja ny industri på skuldrene til eksisterande.

Verda vert meir og meir elektrifisert, og ein jaktar stadig på nye energikjelder. Me må vera med i den omstillinga. Me må gå i front for desse nyvinningane og endringane. Me har kunnskapen og me har naturressursane som skal til for å lukkast. Me har no unike moglegheiter til å få etablert mange nye jobbar i eksisterande og nye industribedrifter, og me må bokstaveleg talt ta eit krafttak for å sikra kraftframføring.

Dette krev politisk vilje og mot. Vilje og mot den sitjande regjeringa ikkje har vist.

Det er gjennom denne tankegangen Arbeiderpartiet i sitt program vil samordna eksisterande oljeindustri med ny industri. Ved bruk av rein energi, ny teknologi og samarbeid mellom dei praktiske faga og forskningsmiljøa, bygge ny industri og kutta utslepp.

Ungdommane våre skal vera trygg på at dei fortsatt kan velje utdanningsløp innan olje/gass og maritime næringar.

Om me mistar rekrutteringa til desse yrkesfagområda, tapar me kunnskapen og kompetansen som skal byggja den nye industrien og dei nye næringane. Det er denne samhandlinga mellom fagarbeidaren, ingeniøren og forskaren som er nøkkelen til suksess i det grøne skiftet.

Det er denne heilskapen i utviklinga eg meiner Arbeiderpartiet er åleine om å sjå, og har evna og motet til å gjennomføra.

Med vår politikk blir det jobbar i distrikta, industriutvikling og eit trygt arbeidsliv for både fagarbeiderar og forskarmiljø. Skal ein lykkast med det grøne skiftet må det inkludere alle! Det kan ikkje koste meir å vere med på denne endringa anten du bur i Alta eller på Alna. Her er alle like viktige og verdifulle.

Vårt gamle slagord, «By og land – hand i hand» gjeld også her.

Trine Lindborg
Ordførar i Bjørnafjorden kommune
utsending til Landsmøtet i Arbeiderpartiet
(Lindborg skal på talarstolen fredag)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.