Søkte i Hetleflåtvatnet søndag morgon
Observasjon av mogleg person i vasskanten på Hetleflåtvatnet utløyste større aksjon.

Klokka 08.17 kom det melding om mogleg observasjon av person i vasskanten i Skogavika på Hetleflåtvatnet ved E39 Byvegen.
– Nødetatane rykker ut for søk, opplyser Vest politidistrikt via Twitter.
Vest politidistrikt ber publikum som kan ha relevant informasjon eller observasjonar ta kontakt med politiet på 02800.
Personen som skal ha blitt observert skal ha hatt på seg ein blå jakke, og har lysebrunt hår.
Klokka 08.43 melder 110 Vest på Twitter at brannvesenet bistår med redningsdykkarar i søket.
Luftambulansen har og vore på staden, og køyrde i 09.15-tida mot Bergen igjen. Det same gjorde innsatsleiar frå politiet.
Det er foreløpig uvisst om søket har gitt resultat.
OPPDATERT kl 09.17: Søket er avslutta.
Det er ikkje gjort funn eller kome inn ny informasjon som tilseier at nokon er i nød. Politiet har i samråd med Hovedredningssentralen avslutta søket.
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Knappe 30 kr per veke
Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.