Lokal | 19. mai 2020

No har dei lov å kasta ball igjen

– Viktige veker inn mot sommarferien, seier styremedlem Jan Norbeck.

No har dei lov å kasta ball igjen
Første trening med handball etter koronakrisa var i går, 18. mai. (Foto: Hege Engelsen, Os Handball)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. mai 2020 07:11

Idrettshallane i Bjørnafjorden kommune har opna igjen, frå denne veka er det òg lov med ballspel.

– Det er viktig for både ungdomen og idrettslaget at vi får nokre gode veker saman no før ferien, seier styremedlem og økonomiansvarleg i Os Turn Handball, Jan Norbeck.

– Viss ikkje vi hadde fått trena litt saman no, så hadde det blitt fem månadar på rad vekke frå handballen. Då er eg redd vi hadde mista ein del på vegen.

Han understreker at økonomien og det komande aktivitetsnivået ser bra ut.

– Eg har fått ein del spørsmål frå foreldre dei siste vekene, om kva som skjer vidare, og korleis hausten blir.

– 27 lag er påmeldte og innbetalt til serien til hausten, seier Norbeck.

Ferie og premie til dei yngste

Det er spelarar frå 11 år og opp som no får trena saman med ball.

Dei frå 10 år og ned har tatt ferie, men målet er éi samling i hallen før sommaren.

– Helga etter at skulane stengte i mars, skulle vi hatt miniturnering som serieavslutting for dei yngste laga. No har vi fleire esker med premiar liggande, og vi jobbar med ein plan for å få eitt og eitt lag inn så dei unge spelarane kan få desse premiane før sommarferien.

Kvar sitt klister på ball i spel

Fleire av årstrinna frå 11 år og opp har hatt felles alternativ trening dei siste vekene, med fjellturar eller øvingar utandørs.

No får ungdomane éi økt kvar per veke, damelaget får tre.

– Vi skal halda éin meters avstand til kvarandre, så det blir ingen duellar. Men det skal bli godt å bruka ball igjen, å kunna sentra, øva inn angrepsmønster og skyta, seier hovudtrenar Trond Budal.

Stine og Malene på alternativ trening i førre veke.
Stine og Malene på alternativ trening i førre veke.

Han har i vår signert toårskontrakt og fått med seg Jørgen Wold som assistent-trenar.

– Vi har sett gjennom smittevernreglane for både bruk av hallen og gjennomføring av trening. Nokre av dei strir litt mot kvarandre, som at jentene skal ha kvar sin klisterboks, men kan kasta ballen til kvarandre. Men vi skal naturlegvis retta oss etter reglane.

Treningsleir i utlandet avlyst

Os tok sin femte siger på rad då dei søndag 8. mars knuste tabelltoar Bjørnar 21-13 på heimebane. Dette blei, grunna koronakrisa, laget sin siste kamp for sesongen.

– Det var synd for vår del. Laget var i kjempeform, vi hadde motstandarar vi ville ha revansje mot, og vi kunne ha klatra endå meir på tabellen, seier hovudtrenar Trond Budal.

Os landa på 8. plass av 12 lag. Fire av dei fem sigrane på tampen av sesongen var mot lag lengre oppe på tabellen; Bjørnar, BSI, Stord og Askøy. Neste motstandar skulle vore Kjøkkelvik, som Os i januar leiar over fram til 58. minutt.

I førre veke var det trening i hallen, men med medisinball. (Foto: Os Handball)
I førre veke var det trening i hallen, men med medisinball. (Foto: Os Handball)

Frå 20. april til 20. mai har spelarane normalt fri med eigentreningsprogram. Damelaget har hatt god hjelp av PT Cecilie Brekkan, som først lagde eigentreningsprogram frå veke til veke, og seinare har leia laget i styrketrening utandørs og inne.

– Av 16-17 spelarar i 3. divisjonsgruppa har dei fleste deltatt, mens nokre få har køyrd sitt eige opplegg, fortel Budal.

I går var laget i hallen med ball igjen. Ikkje medisinball, men den vesle raske handballen.

– No trener vi saman ut juni, så blir det eigentrening i juli. Målet var treningsleir i Polen før sesongstart, men no ser det ut som om vi heller må laga eit opplegg på norsk jord.

Smittevernreglane i hallen

Bjørnafjorden kommune har skrive desse smittevernreglane for trening i hallane.

  • Mindre grupper – maks 20 deltakare (inkludert trenar).
  • Personar som er til stades skal kunne halde minst 1 meters avstand til andre.
  • Auka reinhald og fokus på smittevern.
  • Alle utøvarar møter opp presis når treninga startar, og treningane blir avslutta 15 minutt før normal treningsslutt. Dette for å unngå trengsel mellom menneske i samband med at nokon kjem og andre går frå trening. Dette betyr at dersom ein har trening 17.00-18.30 må ein avslutte treninga kl. 18.15.
  • Trenarane/leiar må ha oversikt over kven som er på dei ulike treningane/samlingane for å kunne gjere smittesporing om det skulle bli behov for det. Bruk Spond eller lignende til loggføring. Dette er veldig viktig!
  • Det er viktig at alle møter til riktig tid.
  • Det er ikkje lov å bruke ribbevegger i lokala.
  • Garderobar er kun åpne for å vaske hender og toalettbesøk. Det blir ikke gutte- og jentegarderober. Vi anbefaler at mobil og lignede må ligge i jakker eller helst ikke bli tatt med på trening. Oppfordre utøverne til å ta minst mulig med til hallen, kun drikkeflaske og innesko. Vi har fått tildelt garderobe E.
  • Når treninga er ferdig skal utøvarane snarast gå frå idrettshallen.
  • Føresette som leverer og hentar barn på trening skal ikkje følge barna inn i bygget. Dei vaksne leverer utanfor bygget og venter utanfor når treninga er ferdig.
  • Det er kun trener/annen voksen som skal hente utstyr som skal brukes til treningen. Denne personen skal også rengjøre alt utstyr og baller som brukes. Dette skal vaskes med såpe og vann, så tørkes med papir. Rommet under tribune som er vaskerom vil være tilgjengelig for å vaske utstyr, det er viktig at kun voksne går inn her da det er mye kjemikalier der som ikke skal røres.
  • Drikkeflaske må fylles før en kommer til hallen.

Norges Håndballforbund har utarbeidd nye retningslinjer for organisert trening:

  1. Håndballens retningslinjer er et tillegg til, og ikke erstatning for, retningslinjene fra Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet. Gruppestørrelsen for trening er til maksimalt 20 personer (inkludert trener/e).
  2. Alle treninger skal ledes av en voksen person over 18 år
  3. Kun friske personer skal delta på trening
  4. Håndhygiene skal utføres ved starten og avslutningen av økten. Vask hendene i lunket vann med såpe i minst 20 sekunder a) Der håndvask ikke er mulig, kan alkoholbasert desinfeksjon være ett godt alternativ, men dette er lite effektivt ved synlige skitne hender eller dersom hendene er våte b) Desinfeksjonsmidler skal alltid være tilgjengelig i hallen
  5. Husk en meter mellom deltakerne både før, under og etter trening
  6. Deltakerne bør ikke ta seg til ansiktet mens man bedriver aktivitet med felles ball
  7. Ballen skal vaskes etter hver trening (benytt vanlige rengjøringsmidler)
  8. Alle har hver sin flaske
  9. For de som bruker klister skal hver spiller ha hvert sitt klister/klisterfjerner
  10. Spiller og foreldre skal informeres grundig om smittevernregler generelt og håndballens retningslinjer spesielt
  11. Det er tillatt å bruke felles utstyr så lenge rådene over følges. Husk også å vaske/desinfisere felles utstyr etter hver trening
  12. Forsettlig brudd på retningslinjene skal føre til bortvisning fra treningen.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.