Frå sludd og frost til tosifra mengde varmegradar
Melder ei veke med stabilt, fint vårvêr.

Etter påske fekk vi smaka på vinterføre igjen, seinast laurdag 10. april blei bakkane kledde i kvitt.
I går var det sludd, i dag tidleg måtte vi skrapa bilen - men samtidig har sola byrja å varma.
Dei neste dagane er det meldt både høgare temperatur, svakare vind og lettare skydekke.
Ein strålande laurdag
Torsdag ettermiddag og heile fredag er det meldt lettskya og 7 til 9 plussgradar. Vinden har løya og skal halda seg på under 2 m/s.
Det er meldt endå finare vêr på laurdag; skyfri himmel, 9 til 11 varmegradar og 1,4 m/s vindstyrke.
Også søndag skal bli stille og varm, men noko meir skya.
Måndag er det meldt overskya, tysdag er det venta nedbør, men så er det venta sol, 8-10 varmeradar og vindstille frå onsdag og resten av veka.
- Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Knappe 30 kr per veke
Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.