Lokal | 15. feb. 2018

Nok ein båt gjekk ned

Endå ein båt bak moloen på Steinneset måtte gje tapt for vêret.

Nok ein båt gjekk ned
Båten som ligg nærast moloen heng no berre i fortøyinga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 15. feb. 2018 10:33

Bildeserie:

Båten låg på plassen innanfor daycruiseren som gjekk ned onsdag (foto: KVB)
Båten låg på plassen innanfor daycruiseren som gjekk ned onsdag (foto: KVB)
Eigaren av denne bør kanskje ta seg ein tur og sjå til båten (foto: AH)
Eigaren av denne bør kanskje ta seg ein tur og sjå til båten (foto: AH)
Bølgjene slo godt over Steinnesetmoloen (foto: AH)
Bølgjene slo godt over Steinnesetmoloen (foto: AH)
Og over gamlemoloen som skjermar industrikaien (foto: AH)
Og over gamlemoloen som skjermar industrikaien (foto: AH)
Oselvarbrygga (foto: AH)
Oselvarbrygga (foto: AH)
Gjestebrygga (foto: AH)
Gjestebrygga (foto: AH)
1 av 6

Om lag kvart på elleve, rett etter full flo, måtte endå ein båt gje tapt i bryggeanlegget innanfor Steinneset.

Båten, som låg på plassen innanfor daycruiseren som gjekk ned i går, ligg no med baugen i vêret.

Også ein båt lengre ut i bryggeanlegget bør sjåast til. Der har luka i fronten blitt opna av vinden. Båten har også eit stort hol i preseningen bak, så heile "vindauget" er vekke.

Slo godt over moloane

Med flo og liten kuling frå sør-søraust slo bølgjene godt over både Steinnesetmoloen, moloen framfor Oseana og den gamle moloen inne ved industrikaien.

Også lengre inne i gjestehamna slo vatnet opp gjennom plankane på brygga, og dei mange svanene som for tida svømmer rundt i hamnebassenget, fekk huska seg godt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.