Lokal | 25. nov. 2020

Nok ein sjåfør meldt for ikkje å stoppa

Vegvesenet la seg på hjul.

Nok ein sjåfør meldt for ikkje å stoppa
(Arkivfoto: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. nov. 2020 08:18

Søndag blei ein bil, som viste seg å ha solid overlast, følgd til Hjellemarka etter ikkje å ha stoppa for kontroll på Halhjem ferjekai.

Natt til onsdag gjekk det motsett veg.

– Vi hadde kontroll i Hjellemarka i natt. Ein lastebil, som blei vinka inn, køyrde vidare, fortel Inge Hellebust frå Statens vegvesen i sin rapport.

Bilen blei innhenta og førar blei meldt til politiet.

I alt ni tunge køyretøy blei kontrollert. To førarar måtte fjerna lys på dashbord, éin måtte fjerna eit bord og éin måtte etterstramma kjettingar som fungerte som lastsikring.

I tillegg blei det skrive rapport på manglande vektårsafgift og ikkje godkjent kran.

7 av 18 fekk bruksforbod

Vegvesenet var òg i Os på måndag, då på Halhjem ferjekai. Då såg dei nærmare på 18 køyretøy av 51 køyretøy.

Det blei delt ut 7 bruksforbod og skrive 5 dekkgebyr, dessutan fekk 2 sjåførar åtvaring for køyre- og kviletid og éin fekk gebyr for manglande vognkort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.