Fotball | 08. okt. 2020

Nora tatt ut til landslagssamling

Klatra opp frå skyggelandslaget.

Nora gjorde inntrykk på samlinga i Porsgrunn i august. (Foto: Lønne Studio)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. okt. 2020 09:05

I midten av juni blei det klart at årets Equinor Talentleir ikkje blei avlyst, men utsett frå juli til august.

Nora Blindheim Nøss frå Os Fotball, som fyller 15 i haust, mista samlinga i januar grunna skade. Landslagsleiinga hadde ikkje sett Nora spela fotball sidan talentleiren i fjor sommar, men hadde ikkje glømt talentet frå Os, og tok ho med på skyggelandslaget på leiren i august.

– Vi ser no at Nora absolutt er aktuell for landslagsgruppa, sa Harry Hansen til Midtsiden etter samlinga.

I haust har Nora spelt 3 kampar og skåra 2 mål for Os/Nore Neset J19 i 1. divisjon. I tillegg har midtbanespelaren 4 kampar og 1 gult kort for G15 i 1. divisjon.

I perioden 19. til 24. oktober er det landslagssamling for jenter 15.

– Det blir dessverre ingen landskamp på denne samlinga, men vi køyrer to interne kampar, seier J15-landslagstrener Lena Tyriberget til fotball.no.

Måndag la NFF ut troppen, som òg inkluderer Nora B. Nøss. Frå bergensområdet er òg Ragnhild Skage (Bønes) og Nora Thomassen (Askøy) tatt ut.

Troppen:

Vendela Bakke - Hyggen
Maria Sandvik - Viking
Nora Thomassen - Askøy
Helle Aune - Viking
Jenny Davik Fredhall - Asker
Tilja Ellingsen - Klepp
Mia Hambro Svendsen - Stabæk
Leonie Hesla Riis - Lyn
Anna Lervik - Herd
Andrea Skarseth Fart
Tiril Toft - Lyngdal
Ane Wedde Buer - Lillestrøm
Thea Maria Wilhelmsen - Kolbotn
Eva Charlotte Bang - Brønnøysund
Nora Blindheim Nøss - Os
Julie Bruusgaard - Stabæk
Signe Gaupset - Molde
Sarah Martinussen - Mjølner
Kamilla Melgård - Lyn
Ingrid Rame - Viking
Ragnhild Skage - Bønes
Ingeborg Stenvold - Lyn
Mina Bell Folland - Gaular
Malin Eikenes Tjellaug - Stryn
Tuva Henriksen - Sandefjord
Linneah Rene H. Rasmussen - Avaldsnes
Emma Reshane - Nittedal
Mawa Sesay - Skiold

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.