NTP: Set av 64 milliardar til E16 og Hordfast
– Historisk satsing, seier Erna Solberg til NRK.

Regjeringa avslører delar av det som kjem i Nasjonal transportplan 2022-2033, som blir lagt fram før påske.
Dei slår på stortromma, skriv NRK Vestland, og avslører at det blir sett av til saman 64 milliardar kroner til store vegprosjekt på Vestlandet:
Både 37,7 milliardar til Hordfast, med bru over Bjørnafjorden, og 26,4 milliardar til veg og jernbane mellom Bergen og Voss.
– Samferdselssatsinga vår er heilt historisk, seier Erna Solberg til NRK.
Men det er berre sett av til saman 1 milliard til Hordfast dei neste 6 åra, og oppstarttidspunkt er uvisst.
E16 mellom Arna og Stanghelle er prioritert for oppstart i løpet av dei neste seks åra, og jernbane skal byggast nesten parallelt med ny veg.
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Knappe 30 kr per veke
Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.