Lokal | 05. des. 2020

Ny parkeringsplass ved Smievågen er ferdig

42 fine plassar ved badefjøre, fiskeplass og turterreng.

Ny parkeringsplass ved Smievågen er ferdig
Smievågen har fått 42 oppmerkte parkeringsplassar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 05. des. 2020 08:52

Som del av tilrettelegginga for turfolk jobbar kommunen med å betra parkeringsforholda ved ulike område.

I oktober opna ein utvida og asfaltert versjon av parkeringsplassen i Ervikane, som no har 110 oppmerkte plassar, i går sto ny parkeringsplass ved Smievågen klar.

Parkeringsplassen har 42 oppmerkte plassar, to av dei litt breiare enn andre, og ligg rett ved den grusa stien ned til badefjøra.

Nokre av plassane skal i periodar brukast til parkering av hestevogner.

Kort ved til fjøra og to rundløyper for turgåarar og mosjonistar. (Foto: KVB)
Kort ved til fjøra og to rundløyper for turgåarar og mosjonistar. (Foto: KVB)

Smievågen er saman med Moldaneset eit friluftsområde som Bergen og Omland Friluftsråd har vedlikehald og drift på. Området har toalett, bord og benkar, ei fjøre og fine svaberg å sola seg eller fiska frå.

Det går òg to rundløyper frå parkeringsplassen, nedom Smievågen, på 1,5 og 1,8 km.

Smievågen og vidare til Moldaneset. (Foto: KVB)
Smievågen og vidare til Moldaneset. (Foto: KVB)

I 2010 blei Smievågen oppgradert med strandpromenade, og området ligg langs Strandvegen, 3 kilometer frå Os sentrum.

Les meir og sjå Smievågen i kart på BOF.no

Promenaden blei bygd i 2010. (Foto: KVB)
Promenaden blei bygd i 2010. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.