Sport | 13. mai 2019

Ny siger i Askøy på langs

Klas Færøvik slo sterke konkurrentar i 37 km langt terrengløp.

Ny siger i Askøy på langs
Klas Færøvik kom i mål på nesten ti minutt betre tid enn i fjor. (Foto: Jan Willie Olsen, Askøyværingen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. mai 2019 19:10

Måndag i førre veke kom Klas Færøvik på 2. plass i Ulvenvatnet Rundt, på tampen av ei hard treningsveke med 140 km trening.

– Eg sikta meg inn på Askøy på langs og trefte godt med formen, fortel Klas.

Løpet er 37 km langt med til saman 1200 høgdemeter. Dei som går for maratondistanse får nokre «strafferundar» etter målgang, men Færøvik køyrer opprinnelege Kleppestø-Herda.

I fjor vann han på tida 3.24,37, i år kom han i mål på 3.15,19.

Hardare konkurranse

– Det regna mykje i fjor. I år hadde vi sol, men mykje motvind.

– Konkurransen var òg veldig hard, med løparar eg for nokre år sidan trudde var umoglege å slå. Nokre av dei deltok i min distanse, andre i maraton. Eg er ikkje så god på asfalt og sti, men tar det igjen i terrenget, seier Klas.

Treningskamerat i Opptur Motbakkeklubb, Stein Kjetil Hefte, kom på 26. plass på tida 4.13,04, best av alle i klassen M60-69.

Løpet hadde 189 deltakarar i konkurranseklassen og ca 100 i trimklassen (utan tidtaking)

Topp 5, Askøy på langs (Kleppestø-Herdla)
1. Klas Færøvik 3.15,19
2. Peter Arnoldsen 3.17,44
3. Brynjel Furnes Berland 3.21,38
4. Robert Sigvaldsen 3.32,45
5. Stian André Tolleshaug 3.36,51

Topp 5, maratondistansen
1. Ketil Monssen 3.35,58
2. Eirik Vestrheim 3.26,27
3. Tommy Haga 3.40,20
4. Fredrik Berentsen 3.40,35
5. Sverre Slethaug 3.41,06

• Komplett resultatliste på eqtiming.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.