Lokal | 14. mars 2020

To nye smitta: – Ingen i familiane deira har symptom

Bjørnafjorden kommune er no oppe i tre konstaterte smitta av korona.

To nye smitta: – Ingen i familiane deira har symptom
Os Røde Kors sitt hus i Kolskogen er nytt senter for prøvetaking. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. mars 2020 09:51

Koronaviruset:

Onsdag kveld kom første konstaterte smitta av koronaviruset i Bjørnafjorden kommune, ein mann i 50-åra frå Os. I dag opplyser kommuneleiinga at yttarlegare to er smitta.

– Begge er menn. Den eine er i 50-åra og var i same reisefølgje som han første. Han har vore isolert i heimen sin sidan måndag 9. mars.

Begge kom heim frå utanlandsreise laurdag 7. mars.

– Den andre er ein mann i 30-åra. Han har ingen relasjon til dei to andre tilfella, men har ein annan, kjent smitteveg.

Vedkomande har vore isolert i heimen sin sidan tysdag 10. mars.

Frisk familie

– Familiemedlemmar har vore i heimekarantene sidan tysdag. Ingen av desse har utvikla symptom, og det er lite truleg at andre har vore utsette for smitterisiko, seier kommuneoverlege Klaus Melf i ei pressemelding.

Ingen nye treng gå i heimekarantene på bakgrunn av desse smittetilfella.

Midtsiden har foreløpig ikkje fått svar på kor mange som er testa og kormange testar kommunen no ventar svar på.

Nytt testsenter tatt i bruk

Kommunen tok i går i bruk Røde Kors-huset i Kolskogen som senter for testing, i staden for å reisa rundt på dørene. Dette for å spara tid, og for å ha betre fasilitetar.

Dei startar opp igjen med å ta prøvar klokka 12 i dag.

For å bli testa for smitte må du ha avtale via lege på legevaktnummer 116117.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.