Lokal | 02. mars 2021

To nye smittetilfelle i barnehage - sørafrikansk variant på Nore Neset

Karantenetida utvida for ungar og tilsette.

Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. mars 2021 12:36

Då ein tilsett ved Flåten Naturbarnehage i går fekk påvist covid-19, blei barnehagen stengt.

35 born og 15 vaksne er i karantene.

No opplyser Bjørnafjorden kommune om tre nye smittetilfelle:

  • To ungar i barnehagen
  • Ein mann i 30-åra som er nærkontakt med den smitta tilsette

Som følgje av dei nye tilfella i barnehagen er karantenetida for dei andre barna og tilsette utvida til å gjelda til og med 10. mars.

– At nokre få er smitta, så nær folk er kvarandre i ein barnehage, er som venta. At vi foreløpig ikkje har fleire smitta, er eit godt teikn, seier kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale til Midtsiden.

Sørafrikansk variant - men lite spreiing

I tillegg var det i går ein smitta nærkontakt av den smitta familien som førte til karantene på elevar ved Nore Neset ungdomsskule.

Den nye smitta er ein mann i 50-åra, som alstå ikkje er i tilknyting til skulen, men nærkontakt av familien med smitta elev.

– På Nore Neset har vi berre éin smitta ungdom og to smitta vaksne etter det første tilfellet. Det betyr at rutinane på Nore Neset ungdomsskule fungerer godt.

– Har de fått svar på om viruset mutert?

– Ja. Minst eitt av smittetilfella på Nore Neset er sørafrikansk versjon av koronaviruset.

– Dette er meir smittsamt enn andre, noko som forskerkar inntrykket mitt om at smittevernrutinane har vore gode på skulen.

Dei 68 elevane og 9 tilsette som er i karantene må testa seg ut av karanene. Dei blir testa i morgon og er ute av karantene om dei torsdag får negativt svar.

Datoane for dei smitta i Bjørnafjorden til no

Til no i 2021: 31
Totalt smitta: 134
2. mars: Mann i 30-åra, nærkontakt med smitta kvinne konstatert 1. mars
2. mars: To barn frå Flåten Naturbarnehage
1. mars: Kvinne i 30-åra, tilsett i barnehage.
1. mars: Mann i 50-åra. Nærkontakt av smitta elev ved NN uskule.
26. februar: Elev på 9. trinn ved Nore Neset uskule.
25. februar: Ungdom i slutten av tenåra, elev ved skule i Bergen.
25. februar: Kvinne i 40-åra frå same husstand som eleven frå Nore Neset.
25. februar: Elev på 9. trinn ved Nore Neset ungdomsskule. 77 i karantene.
24. februar: Kvinne i 20-åra, truleg smitta i ein nabokommune.
23. februar: Mann i 40-åra, testa i samband med innreise til Noreg.
23. februar: Mann i 20-åra, testa i samband med innreise til Noreg.
8. februar: Jente som er elev ved Os vgs. Smitta av kontakt i Bergen.
8. februar: Kvinne i 20-åra. Smitteveg ukjent.
12. januar. Mann i 40-åra, smitta av nærkontakt mens han var i karantene.
8. januar: Par i 20-åra og son på 4 år. Testa i samband med innreise.
5. januar: Kvinne i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 50-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
4. januar: Åtte nye smitta, frå 5 år til i 60-åra. Høgaste tal på éin dag til no.
3. januar: Kvinne i 30-åra og hennar 1 år gamle born. Smitta av nærkontakt.

2020 haust (10. august til 31. desember): 89 smittetilfelle
2020 vår (11. mars til 14. april): 15 smittetilfelle

Totalt i 2020: 104 Sjå liste over alle

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.