To nye smittetilfelle i Bjørnafjorden
Første smittetilfelle på 15 dagar.

Det er registrert to nye smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune. Dette er dei første som har fått påvist covid-19 i Bjørnafjorden sidan måndag 8. februar.
- Mann i 20-åra, smitta i utlandet. Éin nærkontakt i karantene.
- Mann i 40-åra, smitta i utlandet. Ingen nærkontaktar.
– Begge dei smitta er tilreisande frå utlandet, sjekka i samband med innreise og har sete i karantene sidan ankomst, seier kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.
I tilegg har éin av dei 99 som var i karantene etter smitteutbrot på byggeplassen i Industrivegen testa positivt. Vedkomande bur ikkje i Bjørnafjorden kommune, og testa positivt på veg ut av karantene. Vedkomande bur, som dei fire andre, ikkje i Bjørnafjorden kommune.
Det betyr at vi har hatt null internsmitte i Bjørnafjorden kommune sidan 12. januar. Dei to smitta 8. februar var nemleg smitta i Bergen.
Ifølgje BT sin oversikt er smittetrenden flat i både Bergen og Bjørnafjorden, og synkande i Vestland fylke. Bergen hadde 11 nye smittetilfelle i går.
Mest smitte i Vestland siste 14 dagar:
Bergen: 123
Ulvik: 34
Øygarden: 25
Voss: 20
Sogndal: 12
Kvam: 9
23 av 43 kommunar i Vestland fylke står med 0 smittetilfelle dei siste to vekene.
Byggeplass, vaksinasjon og smittevern
Etter dei to smittetilfella i Bjørnafjorden 8. februar har vi hatt smitta frå Bergen på byggeplass i Industrivegen i Os, noko som førte til byggestopp. Over 90 arbeidarar hamna i karantene, 6 av dei frå Bjørnafjorden. Siste karantenedag var måndag.
Denne veka er dei første 200 vaksinedosane frå AstraZeneka på plass. Alle desse går til helsepersonell, mens Pfizer-dosane går til andre runde for dei som fekk vaksine i veke 5.
Vi var frå midnatt natt til måndag tilbake til nasjonale smittevernreglar. Desse blei justerte natt til tysdag. Her er dei gjeldane reglane.
Datoane for dei smitta i Bjørnafjorden til no
Til no i 2021: 21
Totalt smitta: 124
23. februar: Mann i 40-åra, testa i samband med innreise til Noreg.
23. februar: Mann i 20-åra, testa i samband med innreise til Noreg.
8. februar: Jente som er elev ved Os vgs. Smitta av kontakt i Bergen.
8. februar: Kvinne i 20-åra. Smitteveg ukjent.
12. januar. Mann i 40-åra, smitta av nærkontakt mens han var i karantene.
8. januar: Par i 20-åra og son på 4 år. Testa i samband med innreise.
5. januar: Kvinne i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 50-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
4. januar: Åtte nye smitta, frå 5 år til i 60-åra. Høgaste tal på éin dag til no.
3. januar: Kvinne i 30-åra og hennar 1 år gamle born. Smitta av nærkontakt.
2020 haust (10. august til 31. desember): 89 smittetilfelle
2020 vår (11. mars til 14. april): 15 smittetilfelle
Totalt i 2020: 104 Sjå liste over alle
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Knappe 30 kr per veke
Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.