Lokal | 09. feb. 2021

Nye smittetilfelle - tre skuleklassar i karantene

To personar fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden i går.

Nye smittetilfelle - tre skuleklassar i karantene
Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. feb. 2021 09:18

I dag er det fire veker sidan førre smittetilfelle, i går blei to innbyggarar i Bjørnafjorden kommune påvist smitta av covid-19.

Den eine er ei jente som er elev ved Os vidaregåande skule. Vedkomande er smitta i Bergen.

– Tre klassar ved skulen er i karantene, og vi har utvida testkapasiteten for å testa desse elevane, seier kommuneoverlege Klaus Melf til Midtsiden.

Skulen informerer på Facebook at 45 elevar og 10 lærarar er sett i karantene. Andre elevar og tilsette skal møta på skulen som normalt.

Den andre smitta er ei kvinne i 20-åra.

– Her er smitteveg ukjent, men også vedkomande har vore i Bergen.

Det er foreløpig ukjent om dei to er smitta av mutert koronavirus-variant.

– Det tar truleg fem dagar før vi får svar på dette.

Det er skjerpa smitteverntiltak i Bjørnafjorden kommune frå søndag 7. februar til og med søndag14. februar grunna fleire tilfelle av mutert virus i Bergen.

Datoane for dei smitta i Bjørnafjorden til no

Til no i 2021: 19
Totalt smitta: 122
8. februar: Jente som er elev ved Os vgs. Smitta av kontakt i Bergen.
8. februar: Kvinne i 20-åra. Smitteveg ukjent.
12. januar. Mann i 40-åra, smitta av nærkontakt mens han var i karantene.
8. januar: Par i 20-åra og son på 4 år. Testa i samband med innreise.
5. januar: Kvinne i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 50-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
4. januar: Åtte nye smitta, frå 5 år til i 60-åra. Høgaste tal på éin dag til no.
3. januar: Kvinne i 30-åra og hennar 1 år gamle born. Smitta av nærkontakt.

2020 haust (10. august til 31. desember): 89 smittetilfelle
2020 vår (11. mars til 14. april): 15 smittetilfelle

Totalt i 2020: 104 Sjå liste over alle

Vil du testa deg?

Du kan bestilla time digitalt - følg denne lenkja

Du kan òg ringa 47508412 for å avtala tid for test.

Telefontider:

  • Måndag til fredag klokka 8.30-11.45 og 12.30-15.
  • Laurdag, søndag og heilagdagar klokka 9.15-10, 11-13 og 14-16.30.

Her kan du bli testa:

  • Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing alle dagar.
  • Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag, onsdag og fredag.

(Du kan ikkje møte opp utan timeavtale)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.