Sport | 28. apr. 2021

Nytt og lengre stupebrett på plass i Mobergsvikjo

No er det berre til å venta på fleire plussgradar. Eller?

Nytt og lengre stupebrett på plass i Mobergsvikjo
I dag kom det nye stupebrettet på plass i Mobergsvikjo. (Foto: Ørjan Håland)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandonsdag 28. apr. 2021 09:26

I dag føremiddag kom det nye stupebrettet på plass i Mobergsvikjo.

Det gamle stuebrettet var 5,5 meter langt, det nye er 6 meter.

– Årsaka er at det skal bli litt tryggare med tanke på djupna under den ytste meteren av brettet, seier driftsleiar i Bergen og Omland Friluftsråd, Bjørn Nilssen.

Helga i midten av april fekk 18 varmegradar. Då blei det bading frå bryggene nærmast Mobergsvikjo.

No er det meldt opphaldsvêr og sol ut veka, gjennom helga og utover i neste veke - men høgaste temperatur er 12 gradar, som er meldt til fredag.

Brettet er heile 50cm lenger enn tidlegare. (Foto: ØH)
Brettet er heile 50cm lenger enn tidlegare. (Foto: ØH)

Fleire fornyingar

Frå tidlegare har det kome på plass nye stigar ved sida av stupebrettet, og det kjem kanskje eit nytt alternativ til badebrygga som blei fjerna i fjor.

– Vi har sett på ei løysing som er både tryggare og kanskje noko kjekkare enn den vi hadde, men foreløpig kan eg verken fortelja noko meir eller lova noko, seier Lisbeth Axelsen i Bjørnafjorden kommune.

Her kan ein sjå dei nye stigane som er kome på plass i Mobergsvikjo. (Foto: ØH)
Her kan ein sjå dei nye stigane som er kome på plass i Mobergsvikjo. (Foto: ØH)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.